Jostedalsbreen

Jostedalsbreen på langs er ein klassikar som alle skiglade nordmenn burde få med seg. Ein tur på tre-fire dagar, langt borte frå by og folk, nesten som på Grønland. Men i midten av mai er det rett nok nærast eit folketog over breen!

Eg gjekk denne turen første gang i 2010, saman med ei student-turgruppe frå Bergen. Etter ein busstur til Loen og drosje til Bødalssetra var vi klare for å gå. Sjølv om sekken var pakka så lett som mogleg vegde han meir enn nok med telt og klatretau og fellesutstyr. Likevel må eg innrømme at det er godt å kjenne vekta på ryggen; det skal vere litt tungt! Opp bakkane bar det, i rå og våt snø gjekk det trått. Vi fann fort ut at namnet “Bratte bakkane” ikkje var tilfeldig valt. Første natta slo vi leir med utsikt til Lodalskåpa badande i kveldssol.

Jostedalsbreen den største fastlandsisen i Europa, med eit samla areal på over 480 km². På det tjukkaste er breen om lag 600 meter. Vi var ikkje den einaste gruppa som valde å gå Jostedalsbreen på langs denne langhelga, forutan oss var mellom anna var Sogn og Fjordane turlag på tur med ei gruppe på 69 personer!  Kvart år går til vanleg fleire hundre personar denne turen i mai, men eg tvilar på at dei fleste er like heldige som vi var med vêrforholda. Det beste vêret fekk vi fredag, i det vi klatra til topps på Kjenndalskruna (1830 moh). Knallblå himmel og ei steikande sol gjorde utsikta perfekt! I horisonten såg vi Hurrungane i Jotunheimen, og på andre sida bar det rett ned til fjorden. Resten av ettermiddagen gjekk vi i sportstopp og stillongs, og kjende solstrålane varme dei vinterbleike kroppane våre.

Fargespekteret som sola og breen skaper er verkeleg noko ein kan bli mållaus av. Vekslande mellom mørkblå, grått og rosa, og med den finaste solnedgangen du kan tenke deg. Vi var også ein svipptur oppom Supphellenipa (1731 moh) og hadde matpause ved den kjende Bings gryte. Ein stilig naturformasjon!

Etter to netter i telt var det godt å få overnatte inne på ei hytte. Flatbrehytta er eit populært turmål, men vi var heldige og kapra ledige sengeplasser for natta. Kortspel og kaffi, fyr i peisen og koslige samtaler. Den natta trur eg vi alle var djupt i draumeland. Eg kan i allefall knappast huske at eg har sove så godt før.

Søndag var det bratt nedoverbakke med skia på ryggen. Det gjekk fort, med hopp og aking og renning på skoa. Etter eit par timers gange til Fjærland var det nokre dristige sjeler som tok eit vårbad i fjorden før ferja frakta oss vidare til Balestrand og Bergen.

 

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s