På ski frå Turtagrø

Det er mange flotte fjelltopper rundt Turtagrø vest i Jotunheimen. Hurrungane ligg rett ved, dei steiler til vêrs som mektige klipper. Ein kan rett nok velge lettare fjell å gå på med ski om ein vil det, som Fannaråken eller Lauvnostind.

Eg og Eli var på Turtagrø i mai 2011, då High Camp feira 10 år. Vêret var stort sett bra, det var vårstemning og mykje folk i glade fargar. Vi fekk fire dagar på ski og gjekk til Fannaråken, Steindalsnosi, Lauvnostind og Storebjørn.

Fannaråken er 2068 moh og på toppen er det ei betjent DNT hytte. Vi starta ved Sognefjellsvegen og gjekk over breen, runda vest for toppen og kom inn på stien som kjem opp frå Helgedalen. Vi kjørte same vegen ned, men det er mange muligheter for variert nedkjøring. Skal du gå over breen om sommaren må du ha breutstyr – det blir arrangert breføring frå Sognefjellshytta til Fannaråken kvar dag.

Steindalsnosi er 2025 moh og ligg rett vest for Fannaråken. Det er eit fint fjell for topptur. Vi starta frå Sognefjellsvegen og gjekk opp høgdedraget mot vatnet nordaust for toppen, og fulgte snøflanken til topps. Nedturen tok vi på baksida av fjellet, mot Helgedalen. På den måten fekk vi ein fin rundtur.

Lauvnostind er 1950 moh og ein ganske enkel skitur. Kort anmarsj og ikkje så bratte parti. Vi kjørte første stykket av Tindevegen frå Turtagrø, og fulgte ryggen over Ringsnontinden og Lauvnosi. Vi kjørte same vegen ned.

Storebjørn er 2222 moh, og ein del av Smørstabbtindane. Skituren går over bre, og difor treng ein gjerne breferdigheter og utstyr til dette. Vi starta frå Leirdalen, tok av til høgre på nedsida av Geite og opp på Bjørnbrean. Vi fulgte høgdedraget og runda rundt opp mot toppen. Ein kan også gå frå Krossbu og komme inn på breen via Bjørnskardet, ved sidan av Sokse. Returen tok vi same vegen, ned mot Leirdalen.

Er du på jakt etter turtips rundt Turtagrø? Sjekk ut:

Turtagrø Hotell, http://www.turtagro.no

UTEmagasinet, https://www.utemagasinet.no/Aktuelt/Turtips/Turtips-i-Hurrungane

For nærare beskrivelse av turrute, kart og vegval, ta ein kikk på:

http://www.lommekjent.no og http://www.ut.no.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s