Sognefjorden på langs

“Sjå kor fin fjorden er! Du, vi skal ikkje padle Sognefjorden neste sommar då?” På veg ned frå Turtagrø og fjellferie i Hurrungane kjørte vi langs den blågrøne, speilblanke Lustrafjorden. Ingunn var ikkje vanskeleg å be. “Eg er med!” Og slik vart det. 

Sommarferie, lyse kvelder og fin temperatur. På veg frå Bergen stogga vi på Voss og plukka opp kajakkane, våtdrakter, jakker, spruttrekk og det ein elles treng for ei veke med padling. Alt utanom det viktigaste, sett bort frå kajakkane. Det oppdaga vi først då vi var komne til Skjolden. “Ingunn! Vi har gløymt årene.”

Kva no? Ting har ein tendens til å ordne seg, og ved hjelp av venner og lokale folk fekk vi padleårer sendt frå Sogndal på den siste lokalbussen for dagen. Dermed kunne turen starte ut på kvelden, på ein stille fjord med fjelltoppane i kring badande i varme solstrålar. Først då klokka nærma seg to på natta sette vi opp teltet i strandkanten i den vesle bygda Solvorn. Havregraut til frukost er smakfullt for to svoltne sjeler, men tydlegvis ikkje bra nok for alle. Like utanfor Solvorn låg det ankra opp ein britisk luksusyacht, med speedbåt bak og helikopter på taket. I det havregrauten sto på kok letta helikopteret frå båten, glei over fjorden, over fjella, truleg til Bakeriet i Lom for fersk gjærbakst og italiensk kaffi til frukost. Forskjell på folk.

Andre dagen i kajakken heldt fram like perfekt som den første. Vi padla i bikini, la oss på berget i lunsjpausa, smurte dei bleike kroppane med solkrem og slikka sola som om vi ikkje hadde sett ho på lange tider. Endeleg ein god norsk sommar. Nasjonalkjensla vart forsterka av gardane høgt oppe i fjellsida, der ingen skulle tru at nokon kunne bu, der hesja dei høyet på gamalt vis og vinka ivrig i det vi passerte. Bringebærbusker og eplehager langs fjorden bar preg av fruktbart og frodig landbruk i bygdene. Kven har vel ikkje note ein frisk eplejuice i frå Sogn, med epler kanskje nettopp frå desse treda. Med fare for å bli for nasjonalromantisk kan ein vel trygt kalle dette for hjartet i Noreg.

Det går ein viss automatikk i padlinga etterkvart, men det er greit å ha teknikken i bakhovudet. Ein kan spare seg litt muskelkrefter ved å nytte mest mogleg effektive åretak. Sidan vi ikkje akkurat hadde trent til denne turen på førehand, kjende vi både i skuldrer, armar og bein at dette var uvante rørsler. Trykksår på hælane, støle skuldrer og stive knebøygarar. Godt å strekkje ut beina innimellom. Når det er sagt så kjende eg ingenting dei to siste dagane, då var det heilt naturleg å sitje i denne stillinga. 

Det er ikkje alltid like enkelt å finne fine teltplasser mellom steinveggane langs fjorden. Då vi seint på kvelden kom fram til ein gard med hage, tenkte vi det var ypperleg som teltplass. Litt skummelt var det, tomt og mørkt og med “adgang forbudt” skilt. Gjorde vel ingenting om vi sov ei kort natt her, i utkanten av grassletta..? I det vi sette vatnet på kok og trakka ned litt gras for teltet, skulte vi opp på husa. Det grøssa litt nedover ryggen. Kanskje her bur ein mordar? Ein galning? “Marita! Det er eit skjelett her.” Ingunn hoppa vekk. Vi såg på kvarandre og nikka samtykkande. Pakka ned teltet og primusen og hoppa i kajakkane fortare enn svint. Det var rett nok eit skjelett som truleg stamma frå ein hund, men det tok kaka. Vi padla ein time til før vi fant oss ei brygge der vi slo opp teltet. Å gå opp til huset på grasbakken såg vi ikkje som eit alternativ ein gong.

Dei to neste dagane var det vått. Det veksla mellom pøsande regn, lett nedbør, yr, nesten opphald og kraftig regn igjen. Det gjekk greit, så lenge vi fann oss eit naust eller sjøhus til lunsjpausa. Godt å kunne ta av seg hetta og vri opp hanskane under tak. Regn er ikkje det verste når ein sit i kajakk uansett, det er bølgjene og vinden som skaper problemer. Vi hadde nokre tilfeller der vi rett og slett kjende oss litt utrygge; vi skulle runde eit nes og det var straum og bølgjer frå alle kanter. Kan trygt seie vi vart herja med av naturen der vi sat i dei små gule båtane våre. Havrafting til oppvarming så tidlig på morgonkvisten var sanneleg litt av eit adrenalinkick. Om vi velta? Nei, ein ting er sikkert, og det er at kajakkane er frykteleg stabile i sitt rette element. Takk og lov for det.

Dei dagane det regna fann vi oss gamle naust og vedskjul der vi rulla ut soveposen for natta. Mygg, sauebæsj og maursyre på plastdunker gjorde det ekstra heimekosleg. Vi sov som steinar natta igjennom, åt frukosten i soveposen medan vi gledde oss til å ta på den kalde, blaute våtdrakta. Heldigvis var det sommar og fin temperatur i Sogn, så dei gongane vi kjende kuldegysningane på ryggen sende vi nokre varme tankar til Skog og Gjeldsnes på veg til Nordpolen i kano. Dei hadde det nok hakket verre. 

Frodig skog, kraftige fossefall og rikt dyreliv gjorde at vi fekk assosiasjoner til regnskogen. Tåka leika seg mellom tretoppane og glei som silke gjennom skogen. Havørna tok ei runde over oss for å sondere kva som kom flytande før ho stolt sette seg i toppen av trekruna, og rundt oss leika nisene i havoverflata. Sel såg vi også, dei kika opp med nysgjerrige blikk. Vi kjende oss priviligerte der vi sat, midt i naturen, kajakken glir stille over fjorden og tjelden flyr tett på, ropar “Kjell! Kjell! Til by’n! Til by’n!”. Kan høyres slik ut i allefall.

Har du lyst å ta turen, ver då obs på at eit utheva stadsnamn på kartet ikkje treng bety noko meir enn to-tre gardar. Med andre ord; det kan vere langt mellom butikkane. Likevel, kald Litago var verdt padleturen ens ærens inn fjordarmen til Brekke.

Meistringskjensla var stor i det vi gjekk i land for siste gong, vel framme på fergekaia i Rutledal. Sigersbilda vart tekne, våtdrakta bytta ut med tørre klede og som belønning fekk vi kvar vår ispinne med ein bergenser i fergekøa. Han hadde naturlegvis ei øskje med pin-up i bagasjeboksen på scooteren.

Så kort sagt er det nesten berre rein idyll å padle Sognefjorden på langs. Litt vanskar med å krysse trafikkerte ferjeleie, skumle mordar-hus og kraftig motvind krydrar turen litt ekstra, for det skal ikkje berre vere enkelt. Men når du hører regnet synge i det det treffer havoverflata, når du møter blikket til den nysgjerrige selen, når fjorden er så blank som ein spegel og du kjenner deg liten i den store villmarka, då er naturopplevinga så mektig at du helst berre vil sitje i kajakken og nyte augeblikket for alltid.

Sognefjorden

Sognefjorden er den lengste og djupaste fjorden i Noreg. Fjorden ligg sør i Sogn og Fjordane fylke og går frå foten av Jotunheimen i aust og strekkjer seg heilt vest til havet. Han er 204 km lang frå Skjolden inst i Lustrafjorden til Solund, og 1308 m på det djupaste. Forholda er nokså roleg innerst i fjorden, men dess nærare havgapet ein kjem, dess meir bølgjer blir det. Ein del båttrafikk er det også, så ein bør føle seg trygg på kajakken og vite kva ein skal gjere ved velting. Kameratredning og sikkerhetsrutiner er viktig. Vi har begge introkurs i havkajakk og “våttkort”, noko som anbefalast for nye padlarar.

Kajakkutleige: Vi leigde kajakker og fullt utstyr frå Nordic Ventures på Voss for 2500 kr for ei veke. Dette inkluderte då både praktiske ting som vasstette pakkposer og bokser for kamera, samt hjelp til planlegging og vêroppdatering undervegs. www.nordicventures.com

Reise og logistikk: Ekspressbåten til Fjord1 går dagleg gjennom heile fjorden, og kan transportere kajakkane på dekk. Vi frakta dei på biltaket til Skjolden og etter turen tok vi dei med på hurtigbåten tilbake til sogndal. Sjå www.fjord1.no for ruteopplysingar. Bilen hadde ein venn transportert for oss frå Skjolden til Sogndal. Elles kunne Nordic Ventures levere og hente utstyret mot eit tillegg i prisen.

Overnatting: Med telt kan ein overnatte der det passer seg, men ver obs på at det er mykje bratte steinvegger langs ein del av fjorden. Det står ein del tomme gamle naust ein kan søke ly i, eller ein kan banke på dører og få løyve til å sove i båthuset. Dessutan er det fleire campingplasser langs fjorden. Vi spanderte på oss ei natt på hytte for 300 kr, og sette pris på ein varm dusj og litt tørking av klede. 

Varighet: Vi brukte seks dagar på turen, padla 3-4 mil kvar dag. Tempoet varierer med vindmotstand og bølgjer, men har du medvind kan farta bli stor! Vi padla mellom 8 og 12 timar kvar dag.

_

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s