Indonesia

Det var rart å bytte ut jula sitt pinnekjøtt med asiatisk mat, men det gjekk i grunn heilt fint! Særleg sidan havet var turkis, strendene kvite og temperaturen 30 grader varmare enn i Noreg. Samt at orkanen Berit herja nordvestlandet akkurat dette året.

Eg og Ann-Helen starta reisa i Jakarta, hovudstaden i Indonesia. Jakarta er ein stor by på øya Java, og vi hadde ikkje veldig lyst å tilbringe så mykje tid der. Så etter ei lang flyreise og ei god natt på hotellet, reiste vi vidare med tog mot Yogyakarta. Der besøkte vi gamle buddhistiske og hinduistiske tempel og ruiner; Prambanan og Borobudur. Borobudur er eit 1200 år gammalt buddistiske relikvie, eit monument som strekker seg langs ein liten ås og står på UNESCO si verdsarvliste. Litt morgontåke gjorde Borobudur mystisk på morgonkvisten, og vi fotograferte ivrig. I Prambanan vart vi sett på som kjendiser, og hadde horder med skuleelever etter oss som lo og peikte og ville ha bilde av oss. Det er ikkje noko problem å finne overnatting i Yogyakarta, det er senger til leige i kvart hus. Sjå gjerne innom før du bestemmer deg! Mange av utleigerane er også i kontakt med/familie med turarrangører, og det er lett å booke ein tur vidare til Mt Bromo eller dei ulike tempela i Borobudur og Prambanan.

Saman med mange andre turister fekk vi også sjå soloppgangen over Mt Bromo, og etterpå gjekk vi opp på sjølve vulkanen. Det var eit svært krater, vi skalv litt i knea då vi stod på toppen! Landskapet var nydelig, med eit preg av kulissene frå Ringenes Herre. Ein kunne nemleg ride opp til foten av vulkanen om ein ville.

Vi reiste vidare til Bali, den øya vi hadde hørt mest om på førehand. I Ubud besøkte vi Monkey-forest med alle apekattane, vi handla litt souvenirer og gaver, og spanderte til og med på oss massasje og pedikyr. Det var ein fin liten og fargerik by, midt i skogen.  Her var også filmen Eat Pray Love filma inn. Sjølvaste julafta var vi i Sanur, ein by heilt ved kysten. Endeleg fekk vi bade og ligge på stranda, og vi hadde spandert på oss eit flott hotell. Julemiddagen vart ein saftig biff med appelsinsaus!

Vi reiste vidare til Gili-øyene som vi hadde hørt mykje fint om. Det er tre øyer på nord-vest kysten av Lombok; Gili Air, Gili Meno og Gili Trawangan. Vi besøkte Gili Air først, sov i Bungalow og sykla rundt på fine vegar av sand. Her er ingen biltrafikk! Nyttårsfeiringa tok vi på Gili Trawangan, “party-øya”. Her kom det horder av lokale og turister for å feire inngangen i det nye året. Artig å stå i strandkanten og sjå fyrverkeriet som vart skutt opp frå båtane! Vi var også på ein snorkletur med båt ut til Gili Meno, og svømte i klar sjø med fisk leikande rundt oss. Ein fantastisk opplevelse. Ein kan komme seg til Gili-øyene med ferge og buss, men det beste er nok å spandere på seg ein billett på ein speed-båt. Desse gjer unna turen på berre to timar. Og det er vel verdt turen!

Siste dagane tilbrakte vi i Kuta, hovudstaden for surfarane. Her er ei kjempelang strand med fine bølgjer. Vi prøvde oss på surfebrett, drakk frukt-smoothier og slappa av med gode bøker på stranda. Hadde ferie rett og slett! Kuta er nokså vestliggjort med restauranter og cafèr som ein finn igjen heime. Men likevel ein stad som var finare enn vi trudde.

Transport: Vi reiste til Indonesia med Qatar airways, med ei mellomlanding i Doha. Det er veldig upraktisk å tilbringe natta på flyplassen i Doha, då det er vanskeleg å få sove noko særlig. Men for tida er flybillettane frå Qatar billigast, samt at flyselskapet er greit å fly med også. Billetten kosta rundt 9000 kr. Frå Denpasar på Bali til Jakarta på Java reiste vi med eit innanlands flyselskap som heiter Air Asia. Det kosta rundt 700 kr. Ellers går det veldig fint å reise med tog, og bussforbindelsen skal også vere god. Mange lokale aktører driver reiseselskap med tilbod om transport i minibusser.

Overnatting: Det er lett å finne billig overnatting, i allefall på dei mindre stadane som Kuta og Yogjakarta. Då kan ein berre gå etter skilta som viser Hostel eller liknande, og gå innom å høre etter pris. Greit å få sjå romma også før ein bestemmer seg. For anbefalte hostell kan ein lese i turbøker som Lonelyplanet eller Rough Guides. Prisen er oftast under 100 kr for ei natt, billigare dersom ein søv på dorm/sovesal. På Gili er det noko dyrare, og det er vanskeleg å prute her. Vi merka også at prisane var skrudd opp pga nyttårsfeiring, og det var fullt overalt. Vil ein ha høgare standard finst det sjølvsagt hotell i byane.

Klima: Regntida varer frå oktober til april, og den tørre årstiden frå mai til september. Januar og februar er dei våtaste månedane. Vi reiste likevel i regntida, og hadde ingen problem med det. Det kom nokre regnskyll oftast om kvelden, men det gjorde berre lufta frisk og god.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s