India – Taj Mahal og yoga

India er eit svært land. Det har 1,2 milliarder innbygjarar og den fjerde største økonomien i verda. Dei økonomiske ressursane er skeivt fordelt og som reisande turist ser ein derfor både rike, moderne inderar og folk i tydeleg fattigdom. 

Eg har drøymt om å besøke India nokså lenge. Det er  eit eksotisk land på mange måtar, det har ei lang og spennande historie og ein variert natur. Saman med Oda og Hanne vart flybillettane booka til påska 2012.

I nord hadde vi plukka ut hovudsakleg tre byar vi hadde lyst å oppleve; Dehli, Jaipur og Agra, også kalla Det gyldne triangelet.  Jaipur var ein fasinerande by omringa av fjell, historie, ein mur som likna den kinesiske, eit fort og eit svært palass. Byen var grunnlagt av Maharaja JaiSingh II (1693-1744) og blir kalla den rosa byen på grunn av fargen på bygningane i gamlebyen. Dei var malt rosa for å ønske prinsen av Wales velkommen til byen i 1876, og tradisjonen har blitt vedlikeholdt av lova. Byen har om lag 3 millioner innbyggjarar og er hovudstaden i delstaten Rajasthan.

Agra er byen for det store besøket til Taj Mahal. Det tok 22 år å bygge palasset Taj Mahal, det vart påbegynt 1631 og stod ferdig i 1653. Palasset er bygd av marmor og har mange fine mosaikkdetaljar. Vi fekk ei innføring i dette etterpå, då vi besøkte ein kunstnerbutikk som fortsatt dreiv med handverket. Det er visst berre i Agra i heile verda dei framleis utfører denne typen handverk. Palasset vart forøvrig bygd i regi av mogulherskaren Shah Jahan til minne om yndlingskona hans.

Etter det gyldne triangelet reiste vi frå nord og ut til kysten med fly, til Mumbai. Den friske vinden blåste bort all eksosen, det var deilig endelig å kjenne fuktig og god sjøluft! På grunn av havna er Mumbai senter for handel og forretninger, men det er også eit senter for underhaldning i landet. Den indiske film- og fjernsynsindustrien er her, ofte referert til som Bollywood. Byen har mange karakteristiske bygninger, og levestandarden er høg i forhold til andre byer. Det er den mest befolkningsrike byen i India, med ca 20 millioner innbyggjarar. Det er fire gonger så mykje som i heile Noreg det!

Vi avslutta reisa vår i India med ein tur til Goa på sør-vest kysten av landet. Vi tok nattoget frå Mumbai, og våkna opp i eit frodig og grønt landskap. Her bytta vi altså ut eksosen med grønn palmeskog, leigde scooter som vi cruisa rundt med, bada i varm sjø, låg på stranda i lag med kyrne, vart vekt av eit torevêr utan like (vi var så redde for at palmene skulle dette ned og stormen skulle ta med seg tsunamibølgje, at vi faktisk pakka sekkane midt på natta, berre sånn i tilfelle vi måtte flykte i hu og hast), men og mengder med sol. Fin sol! I tillegg tok vi ein Yoga-time under palmene, strekte oss og utførte sol-hilsen og namaste med privat yoga-lærer. Kjentes godt  for kropp og sjel!

Vi var heldige, og slapp for det meste India-magen som dei fleste fryktar. Turen heim kunne rett nok ha vore bedre. Drog med meg eit magevirus som gjorde at flyturen vart gjennomført med spyposen i handa og kvalmen i halsen. Men alt i alt var India eit spennande land, ikkje så intenst som eg hadde trudd, men veldig hyggelege menneske. Bosset flyter rett nok, så dei burde få orden på avfallet sitt. Kanskje ikkje så lett med 1,2 milliardar folk.

Det beste med India var maten. Nydelege indiske rettar, godt krydra og tilberedt på den ekte måten. Saftige nan-brød, forfriskande mango-lassi og tikka masala som får vassføringa i munnen til å auke betrakteleg. Dersom eg reiser tilbake til landet ved eit seinare høve hadde det vore kjekt å reise meir i nord, i fjella. Der har eg hørt det skal vere veldig flott.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s