Folgefonna

Våren er ei fin tid for skiturar. Når sola steiker og snøen er som silkemjuk sløsj er det vanskeleg å ikkje la seg friste.  Det er ein slik vakker vårdag i Hardanger. Få plassar er vel finare å vere enn der snøen ligg i toppane og lagar kontrast mot dei grøne markane og den blå spegelblanke fjorden. Vi skal gå over Folgefonna, rett nok berre den sørlege delen. Folgefonna er den tredje største isbreen i Noreg, og den er tredelt i ein nordre, midtre og ein søndre del. Mange startar ved Sommarskisenteret i Jondal og tek turen over heile breen på eit par-tre dagar. Vi vel å gå over Søndre Folgefonna, den største av dei tre.

Vi går opp Rennedalen ovanfor Austrepollen. Det er bratt, men med skia på ryggen stig vi raskt i høgde. Ein kan også gå opp frå Sundal og Bondhusdalen, den såkalla Keiserstien. Dette er ein flott veg som kan anbefalast.

Sola heng lenge på himmelen. Ikkje før klokka 22 på kvelden vel vi å setje opp teltet, og då sender ho framleis varme strålar mot oss. Breidablikk er ei av turistforeinga sine hytter ved breen, ei av dei mindre. Vi vel likevel å slå opp teltet, til tross for at det er enda mindre. Ingenting kan samanliknast med teltlivet.

Laurdagen tek vi turen via Fonnabu. Her er det lettast å gå inn på sjølve breen. Vi set kursen mot Fonnatoppen på vel 1600 moh, og får utsikt mot Hårteigen, Hardangerjøkulen og heile Hardangervidda. Og tru det eller ei, ikkje eit vindpust er det! Når vi held pusten er det så stille at ein ikkje høyrer ein einaste lyd kor hardt ein enn prøver. Berre vi, snøen og sola. Vi går vidare over breen, varmen er trykkande og vatnet går ned på høgkant. Vi dreg opp shortsen og ermane på t-skjortene, men sokkeskillet vert raskt eit faktum. Vegen av breen tek vi via Bjørndal og Volarusto, i tung vårsløsj. Med skia på ryggen går vi ned Ringerike, fossen sprutar forfriskande over oss og naturen gir slepp på snøen til fordel for alt det grøne. Vi er godt slitne i beina no. Så slitne at morgondagen sin topptur vert bytta ut med bading, padling og sykkeltur til Baroniet. Ikkje feil det heller, tvert i mot. Kjensla av sommar sig inn i kroppen, og der vert ho nok verande til vinteren atter trenger på.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s