Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden

Er du glad i å padle kajakk? Då er Sognefjorden med sine mange sidefjordar verkeleg å anbefale! Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er to fjordarmar som stikk ut frå sør-sida av Sognefjorden. Det vil seie, Nærøyfjorden er ein fjord som stikk ut frå Aurlandsfjorden, som igjen stikk ut frå Sognefjorden. Særleg Nærøyfjorden er velkjent blant turistar, då den er på ein del av Vestnorsk fjordlandskap som er på UNESCO si liste over kultur- og naturarvsstadar. Fjorden er 17 km lang og ligg midt mellom stupbratte fjellsider. Ein stad er den ikkje meir enn 250 meter brei. Fossane lagar eit naturspel som vert fotografert ivrig, og innimellom finn ein små gardar som karrer seg fast i fjellsidene. Aurlandsfjorden er 29 km lang, og frå utløpet til Nærøyfjorden er det 18 km inn til Flåm. Det betyr at ein padletur frå Gudvangen til Flåm er 35 km lang.

Vi startar padletruen frå Gudvangen. Det er eit lett skydekke og sola kikar forsiktig fram etter ei natt med mykje regn. Turistbåtar og ferger tøffer forbi titt og ofte, og vi får trene på stabiliseringsevna i det bølgjene kjem ruvande mot oss. I nokre tilfeller er det greit å leggje kajakkane saman for å kjenne seg litt tryggare. Vi blir fort litt små i forhold til dei svære turistskipa!

Mange padlar heile vegen frå Gudvangen til Flåm på ein dag, men vi velger å slå leir midtvegs. Teltlivet er ein stor del av turgleden. Vi kokkelerer fram ein nydeleg Thai-wok, og sper på med kaffe og sjokolade til dessert. Ser utover fjorden og landskapet, og tenkjer “Dette er luksus!”. Små bølgjeskvulp mot fjøresteinane blir som vuggesang i det vi kryp ned i soveposane.

Tidlig neste morgon er fjorden speilblank og ventar på at kajakkane våre skal gli roleg på overflata. Fiskane hoppar og kokar bortanfor oss, eit kast med fiskestanga her hadde vore suksess! Vi tek pauser når vi treng det, strekkjer litt på beina og tygger litt nøtter. Det er ikkje så langt igjen, plutseleg ser vi Aurlandsvangen og deretter kjem Flåm til syne der borte. Då ventar det is!

Transport: For å kome tilbake til utgangspunktet å hente bilen kan ein ta buss eller få skyss med andre turister. Fjord1 har bussruter frå Flåm til Gudvangen, og elles store delar av vestlandet. Sjå på nettsida deira http://www.fjord1.no.

Kajakkutleige: Nordic ventures (www.nordicventures.no) eller Njord (www.njord.as) har kajakkutleige i Gudvangen eller Flåm.

Lengde og varighet: ca 35 km, 1-2 dager. Med telt kan ein overnatte undervegs. Det er også overnattingsmoglegheit på Stigen gard (www.stigengard.no).

For meir informasjon om området besøk internettsidene http://www.naroyfjorden.no eller http://www.alr.no.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s