Nepal

Eg ser ein smal vegstump midt i fjellsida. «Skal vi lande der?» Eg kjenner pulsen stige og svetten bre seg. No skjønar eg kvifor Lukla er verdas farlegaste flyplass. Det er ikkje rom for feilskjer på denne flyturen. Flystripa er 460 meter lang, og har ei helling på 12%. Det er altså oppoverbakke når ein lander, og nedoverbakke når ein tek av. Bommer ein, går flyet rett i fjellveggen. Dette fortalte eg sjølvsagt ikkje til mamma før eg reiste.

 

Vi er i Lukla, Nepal. Klare for eit eventyr i høgfjellet. Eg, Cato Leganger og Geir Nes, samt ein gjeng danskar og eit par nordmenn. Denne gongen prøver vi ein pakketur gjennom det danske reiseselskapet Topas Travel. Det er litt nytt for oss å få det heile servert på eit gullfat; både flybillett, transport, overnatting og guiding. Vanlegvis tek det nokre dagar å finne eit bra guidingselskap, forhandle priser, kjøpe flybillettar og gjere alt på eigahand, men det gjer likevel turen litt meir til din eigen. Har du knapt med tid kan det derimot vere gull verdt å få andre til å gjere arbeidet for deg.

Vi skal gå om lag i tre veker. Det er nesten som ein hytte-til-hytte tur i Noreg, der vi vandrer med dagstursekkar frå gjestehus til gjestehus. Det er slutten av mars og tidlig på sesongen, så dei store turistmassane slepp vi unna. Vi går med augene vendt mot dei spisse, svære fjelltoppane, mållause av beundring. Målet med turen er i utgangspunktet toppen Imja Tse på 6189 moh, men for oss er draumen eigentleg berre å vere på tur i Nepal.

– «Chum chum», seier Pempa. Det betyr at vi skal gå. Pempa er ein av guidane våre, og den einaste kvinnelege av dei.

– «How old are you? Are you married?» Ho stiller meg dei to viktigaste spørsmåla sett frå hennar side. Ho smiler stort, slik nepaleserane gjer heile tida. Pempa er 27 år gammal, og ho kjem i frå ein liten landsby i fjellet.

– «Det tek to dagar å gå dit frå Lukla. Min far og onkel har vore guidar, og det var vel derfor eg òg begynte med det. Men eg er ikkje så veldig god i engelsk enda,» seier ho.

Barna som bur i fjellområda går på skule fram til dei er 12 år. Dersom dei skal studere meir må dei reise til Kathmandu, og det kostar mykje penger.

– «Eg har berre vore guide i tre år. Om sommaren er det regntid, så då er her ingen turister. Då reiser eg heim til mor og hjelper til på garden.» Ho fortel vidare at dei har tolv kyr og er nesten sjølvforsynt med grønsaker. Det dei ikkje dyrkar sjølv kan dei bytte til seg frå andre.

– «Eg er ikkje gift enda. Kjærasten min jobbar i Dubai, men eg håpar han skal fri neste gong han kjem heim.» Pempa smiler. Kjærleiken er den same, enten ein bur i verdas rikaste land eller eitt av dei fattigaste.

Etter to dagar byrjar det å snø. Bakken vert dekt av eit kvitt teppe. Lokalbefolkninga vi møter på stien går i sandalar, men har rett nok funne fram paraplyen. Det er ingen bilveg vi går på, det er berre ein godt opptråkka sti. Steinete og smal nokre plassar og brei som ein traktorveg andre stadar. Her har det gått tusenvis av folk langt tilbake i tid. Dei kjem frå høgfjellet ned til lågare områder for å bytte til seg varer. I tillegg har eit hopetal ekspedisjoner til Mount Everest trakka same vegen som vi. Til og med Sir Edmund Hillary, den første mannen på verdas høgaste fjell, har nok rusla langs stien den gongen i 1963. I år er det 60-års jubileum for ekspedisjonen til Sir Edmund Hillary og Tenzing Norgay, noko som vil trekke enda fleire klatrarar til Mount Everest.

«Det kjem til å bli ville tilstander», seier turleiaren vår Jakob Urth. Han har vore i Nepal mange gonger, han kjenner alle nepaleserane vi møter og er genuint opptatt av å formidle alt ein kan sjå og oppleve i Nepal. Han har vore på fleire fjell, som Ama Dablam og Cho Oyu, og i 2012 klatra han og ein kompis opp ryggen på Lohtse.

«Vi budde i Everest Basecamp saman med alle fjellklatrarane. Då vi klatra ryggen opp til Lohtse og såg bort på Mount Everest, var der en sti av mennesker som gjekk i kø på veg opp. Og der stod vi, med eit heilt fjell for oss sjølve.»

På 3450 moh ligg Namche Bazaar. Ein fantastisk landsby som karrer seg fast i fjellsida. Her er det både bakeri og sportsbutikker, minibank og internettkafe. Alt med ein nepalesisk vri, sjølvsagt. Her kan vi handle inn utstyr vi gløymde å ta med, eller berre slappe av med ein kaffi i sola og nyte utsikta av fjella Thamserku på 6623 moh og Kongde Ri på 6187 moh som står og vaktar over byen. Namche Bazaar er eit handelssenter for dei lokale også. Folk kjem i frå bygdene rundt og langvegs i frå Tibet for å selge varer og handle på marknaden her.

Tidleg om morgonen rusler vi opp på høgda like over byen og får oppleve soloppgangen over Khumbudalen med Mount Everest, Lhotse og Ama Dablam som stolte pillarer i morgonsola. «No gler eg meg verkeleg til å ta fatt på vegen inn mot desse sagnomsuste fjella!» Cato smiler med eit draumande blikk. Eg er heilt einig.

Det er mange små busetjingar innover dalen. I Khumjung har Sir Edmund Hillary Foundation bygd opp ein flott barneskule. Det er laurdag og ingen undervisning, så barna er i staden ute på åkrane og hjelper til med å plante poteter. Det er stort sett poteter dei kan dyrke så høgt oppe, resten må dei bytte til seg på marknaden lenger nede. Ein skulle tru at det var berre potetrettar dei serverer i fjellet i Nepal, men det er det ikkje.Vi prøver mange lokale retter som fried rice, dahl bat og momo, og mykje av maten smakar forteffeleg. Når magesjauen kjem snikande går det likevel for det meste i toast eller pannekaker. Trass i ducoral-vaksine og idoform er fleire i gruppa vår råka av dårleg mage og oppkast. Mange orkar ikkje å gå, dei får ikkje i seg næring og energimangelen set ein stoppar for gleda over å vere på tur. Andre turgrupper vi møtte på vegen var hardare utsett, og fleire personer måtte snu. Ein person vart til og med frakta ut med helikopter på grunn av blodig oppspytt. «Det må vere matforgiftning, men så gale som det er no har eg aldri opplevd før» seier turleiaren Jakob. Vi kjøpte dopapir i haugevis, knaska antibiotika og kom oss til hektene etterkvart.

For å venne oss til høgda og unngå høgdesjuke, er det viktig med akklimatisering. Det gjer vi ved å gå dagsturer til høgare områder og returnerer ned att til te-huset der vi søv ei natt til. Frå Pangboche på 3930 moh går vi opp til Ama Dablam Basecamp på 4600 moh. Det er tungt å gå, beina er seige og pusten stig rett til vêrs! Sjølv dei mest trente kjenner pulsen hoppe i brystet. I basecamp er det ingen klatrarar no, då det er for tidleg på sesongen. Å sjå fjellet og følgje klatreruta til topps med augene gir ei kribling i magen. Ama Dablam er ikkje meir enn 6812 moh, men omtrent like populært som fjella på 8000-meter. Namnet tyder «mors smykke», der fjellryggen på kvar side av toppen symboliserer ei mor sine armer rundt barna og smykket er hengebreen like under toppen. Vi går òg ein akklimatiseringstur oppom Chukung Ri på 5550 moh, før vi etterkvart nærmer oss vår eigen Base Camp ved foten av fjellet Imja Tse.

«Folkens, no set vi snart inn toppstøtet!» smiler Jakob då telta er i ferd med å bli sett opp. Det har skya litt over, snøfnugga flyg i lufta. Vinden grip tak i jakkene våre og kulden gjev meg frysninger langs ryggrada. «Det kjem til å bli iskaldt,» tenkjer eg for meg sjølv medan eg planlegg å ha på meg alt eg har av klede til toppnatta. I Base Camp går vi gjennom klatreteknikker, rappellering og bruk av jumar, då det ikkje er alle som har vore borti det før. Dei unge kokkane som er med styrer og kokkelerer i teltet, og tryllar fram rett etter rett med smakfull mat. Vi er nesten mette etter første tallerken – magesekken er ikkje så glad i mykje mat på 5100 moh! Neste dag transporterer vi oss sjølve vidare til High Camp på 5600 moh, medan telta og bagasjen som vanleg vert surra fast på jakane. Det er ein form for okser som berre kan brukast over 3-4000 moh, då det vert for varmt for dei lenger nede. Jak-oksane er nærmast ein symbol på Himalaya, der dei ruslar langs vegane med svære oppakninger til ekspedisjonane. I lågare strøk brukar ein dzo, som er ein krysning av jak og storfe. Det verkar ikkje som om det er så vanleg å bruke menneskleg berekraft til ekspedisjoner i Himalaya, slik som det til dømes er på Kilimanjaro.

I High Camp har vi siste overnatting før vi går til toppen. Skjønt vi kan vel knapt kalle det ei overnatting, då vi vert vekt klokka to midt på natta. Spenning og forventninger, samt kraftig vind som ruska i teltet heile kvelden gjorde sitt til at vi ikkje har sove veldig mykje. En time seinare er vi klare, innepakka i ull og dun, balaklava og hue. Hovudlyktene lyser opp steinura rundt oss. Eg kikar opp, himmelen er mørk og klar med eit dryss av stjerner. Vinden har heldigvis løya. I første bakken opp føler eg meg som ein stivna seigmann, så eg kastar eit par-tre plagg før det er komfortabelt å gå. Det er mykje laus stein heile vegen opp til brekanten, så vi går rolig og forsiktig. På breen festar vi stegjern, gjer øksa klar og koplar oss inn i taulag. Det er flott å gå gjennom formasjonane i brefallet! Då vi kjem opp på breplatået rusler vi bort til den 70 meter høge fjellveggen. «Skal vi opp der? « spør eg Cato, som nikkar smilande.

Hadde det ikkje vore for eit par japanarar i taulaget framfor oss, hadde vi nok ikkje brukt meir enn ein liten halvtime vidare til toppen. Dei kavar og sliter i tauet, klarer ikkje stå på stegjerna sine og har ikkje øks. «Kva i alle dagar gjer dei her utan grunnleggjande kunnskap om bruk av utstyret?» undrar vi. Ein og ein halv time står vi der i veggen og venter på at dei skal komme seg opp. Det er skummelt å stå under dei, det raser ned isklumper og eine japaneren dett og fell rett inn i ein av turkameratane våre frå Danmark. Ho byrjar å grine fordi ho er redd. «Vi er for mange folk på tauet» seier sherpaen som er guide for den eine japaneren. Vi er sinte, slik skal det ikkje vere. Vår eigen sherpa, PK, kjem klatrande opp til oss. Vi vurderer nesten å kople oss ut av tauet, men PK roper til japanerane sine sherpaer om at dei må ta seg saman og hjelpe til. Omsider kjem vi oss opp på toppeggen, fem timar seinare enn planlagt. Utsikta er fantastisk! Det er spisse tinder og svære fjellmassiv rundt oss på alle kantar. Vi står verkeleg midt i Himalaya.

Turen ned tek lang tid den også, og siste etappen må vi gå i bekmørket. Eg ser knapt kvar eg set beina, men tanken på vatn og litt mat i kroppen driv oss vidare. Vi er tomme for næring etter ein lang dag i fjellet. «Velkommen! Velkommen!» ropar dei frå te-huset i Chukhung, og vi smiler av lettelse. Etter 17 timer på fjelltur i 6000 meters høgde var det ubeskriveleg godt å sige ned i soveposen.

Turen tilbake i sivilisasjonen vil vi helst drøye lengst mogleg. Vegen ned Khumbudalen er no enda frodigare og rhododendron-treda kler fjellsidene med rosa farger. På toppen av ein ås ligg Tengboche. Her er det eit stort kloster for buddhistiske munker, faktisk det største klosteret i heile Khumburegionen. Grytidleg om morgonen står vi opp før sola og lister oss inn i klosteret for å vere med på morgonmessa. Munkane sit i ein jamn dur, dei syng nesten medan dei beveger seg i takt med summinga. Stemninga er mystisk og fin. Etter ein time reiser dei seg, tek med seg te-koppen og går ut i sola. Fulle av ro og undring rusler vi tilbake til frukosten. Cato har lurt med med seg ein pakke med Friele kokmalt kaffi, og med ein kjele varmt vatn på komfyren er det duka for ekte norsk kaffi med ein bit mjølkesjokolade til. Sherpaene ser smilande på medan vi løfter kjelen sju og ein halv gong som tradisjonen seier. Dei drikk stort sett te til vanleg, men nikkar samtykkande då vi serverer rykande varm kaffi med grut.

Trekkingtur i Nepal

Sesong: Sesongen for trekking i Nepal er mars-mai og oktober-november. Om sommaren vil monsunen komme og gjer vegane om til gjørmehol, og om vinteren blir det fort støvete og kaldt. Den klaraste og tørraste tida er derfor vår og haust.

Reiseselskap: Dersom ein ikkje vil reise på eiga hand og ordne det meste sjølv, kan det vere kjekt og lettvint å reise gjennom ein aktør som kjenner landet. Det er mange skandinaviske aktører som arrangerer trekkingtur i Nepal, blant anna Hvitserk, Eco Expeditions og Topas Travel. Desse har nordiske reiseleiar og ordner oftast flybillett heilt frå Norge. Innhaldet er stort sett det same, men dei har turar av varierande lengde, ulike datoar og prisklasser. I tillegg er det mange reiseselskap som er stasjonert i Nepal. Søk på internett og sjå i guidebøker som Lonely Planet kva selskap som er anbefalt.

Reise: Vi reiste med Qatar airways frå København til Doha og Doha til Kathmandu. Prisen på flybillettane varierer sjølvsagt, men er ein tidleg ute og litt fleksibel i reiseperiode kan ein finne billetter til rundt 7000 kr tur/retur. Nordmenn må ha pass med gyldighet minst 6 månedar etter heimreisedato. Visum kjøper ein på flyplassen i Kathmandu ved ankomst for rundt 40 dollar.

Overnatting: Vi overnatta på te-hus langs vegen. Det er enkle gjestehus som er drevet av familier i fjellet. Dei serverer god mat til alle måltider, og dei fleste har to-manns rom med delt bad. Gjestehusa som er lågast nede er fine og reine, men dess nærare ein kjem fjella, dess meir primitivt blir det. Til slutt blir det berre eit hol i bakken til do og eit vaskefat med oppvarma vatn om ein er heldig. Det er rett nok ikkje dyrt å bu her, det kostar frå 200 rupies per natt, noko som tilsvarer rundt 14 kroner. Ved dei fleste te-husa kan ein få lade batteri og mobiltelefon for 20-30 kr.

Utstyr: Gode fjellsko og turklede er viktig. Temperaturen kan endre seg fort i fjellet, så ta med varme klede som ull og dunjakke og ha det lett tilgjengelig. Elles er det lurt å ta med det ein vanlegvis har i den norske fjellheimen; votter, hue, vasstette klede, solbriller og solkrem. Husk at sola er svært sterk når ein er så høgt oppe. Mange av våre danske venner fekk smerteleg erfare at det er dumt å gløyme å smøre seg på sjølve toppdagen, og endte opp med andre grads forbrenning i ansiktet. Klatreutstyr som stegjern, isøks, slynger, karabinerar og jumarklemme hadde vi med sjølv, men det går også an å leige det i ein av dei mange butikkane i Kathmandu. Fjellskoa til toppdagen kan gjerne vere doble plastikksko. Sjølv gjekk eg med fjellsko av typen La Sportiva Trango, og for min eigen del vart det så kaldt at eg ikkje hadde følelse i tærne før to dager etter toppstøtet. Husk varm sovepose og liggeunderlag, nokre turoperatører stiller med sovematter.

Høgdesjuke: Allerede frå 2500-3000 moh kan høgdesjuke inntreffe. Det første ein merkar er gjerne hovudverk og kvalme, men dette går ofte over. Mild høgdesjuke kan komme i form av symptom som apati, nedsatt matlyst, slapphet, svimmelhet, kvalme, brekninger og væskeopphopning. Nokre kan få periodisk respirasjon og kan våkne av kvelningsfornemmelser. Det gjorde vi sjølve den natta i High Camp; vi våkna med eit stort gisp etter pusten. Vi fekk rett og slett ikkje nok luft og måtte sette oss opp og puste djupt.

Dei fleste med milde former for høgdesjuke blir friske utan nedstigning. Ein liten del kan utvikle alvorleg høgdesjuke i form av lungeødem eller hjerneødem. Dette er livstruande tilstander og personer som er så sjuke må fraktast ned i høgde med ein gong. I tillegg kan ein behandle med medikament som acetazolamide eller deksametason. Nokre stader, som i Everest Basecamp, er det hyperbarkammer og oksygen tilgjengeleg.

Det er lett å forebygge høgdesjuke. Roleg oppstigning og god tid til akklimatisering er viktig. Då skal det ikkje vere nødvendig å forebygge med medikament som diamox. Legg inn nokre ekstra dagar med akklimatiseringsturer og ei ekstra natt for kvar 600-1200 meters stigning. Dei fleste nordiske reiseselskap har god kontroll på høgdesjuke og legg stor vekt på sikkerhet i fjellet.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s