Femundsmarka

Femundsmarka Nasjonalpark. Villmarka har blitt kjent mellom anna gjennom filmer og bøker av Lars Monsen, der han trekker ørret og padler kano på vakre vassdrag. Lite kan vel måle seg knitrande furubål, tørr lav og stille vatn.

Femundsmarka vart ein nasjonalpark i 1971, med mål om å verne det urørte skog- og fjellområdet ved svenskegrensa i Engerdal og Røros. Vo tok turen i august, ein perfekt månad utan mygg og akkurat passe varme. Vi var fantastisk heldige med vêret, men eg vel å tru at Femundsmarka er fin også i regn.

Vi tok båten Femunden II frå Elgå til Røa, og fulgte Røavassdraget austover. Det går ein tydelig merka sti, så det er truleg rikelig med folk i høgsesongen som trakkar langs vassdraget. Etter om lag 5 km frå båtkaien kjem ein til Nedre Roasten. Her er det godt synlige spor etter menneske, med bålgruer og dessverre litt søppel rundt om kring. Det er tydelig at det er eit populært område. Heldigvis er det mange fine teltplasser, også utanom stien.

Første kvelden gjekk lyset frå rosa til lilla og vidare til blått, og plutseleg var det stjerneklart og fullmåne. Reinsdyra beitte like ved. Om morgonen venta bålkaffi og havregraut. Akkurat slik vi likar det. Vi gjekk vidare til Øvre Roasten, og prøvde fiskestanga med jamna mellomrom. På gunn av ei kuldeperiode forut for turen vår var det lite fisk å få, og i følge kjentfolk hadde det visst vore dårlig med fiske denne seinsommaren.

Hunden vår Fnugg var berre 6 måneder gammal på denne turen, og derfor kunne vi ikkje gå så langt. Det vart korte bolker slik at han fikk leike og kvile seg mest mogleg. Det var likevel veldig kjekt å ha med seg ein så trivelig kamerat på tur! Vi var i området i fire dagar, før vi trekte ned mot Femunden igjen og vart henta av båten. Då venta det vafle med syltetøy og kakao med krem. Og det hører med til historien at regnet kom i det vi gjekk ombord på båten. Flaks!

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s