Hypotermi

Dei fleste liker ikkje å fryse. Vi begynder å skjelve og kjenner oss kalde heilt inn til beinet. Det er heldigvis ikkje ofte at vi blir så kalde at det er farlig, men det kan skje dersom vi blir overraska av dårlig vêr og blir sittande fast utan å komme oss i ly. Andre som er spesielt utsatt for kulde er dei som blir tatt av snøskred eller blir liggande i kaldt vatn. Nedkjøling av kroppstemperaturen til under 35 grader kallast på fagspråket for hypotermi.

Kva skjer eigentlig når vi fryser? Kroppen vår er utstyrt med såkalla termoreseptorar, altså sanseceller som kan merke temperaturforskjeller. Desse sit både i hypotalamus i hjernen og i huda vår. Når temperaturen fell begynder ein å skjelve for å auke varmeproduksjonen i musklane. Ein får også ein samantrekning av dei mindre blodårene i huda for å minke varmetapet. Etterkvart når ein blir enda kaldare vil ein oppleve ei gradvis nedregulering av kroppsreaksjonar og forbrenninga. Blir det alvorlig får ein ein reduksjon i pustefrekvens, blodet blir surare, og saltet i blodet, elektrolyttbalansen, blir endra. Det blir sakte ein gradvis reduksjon av reaksjonen i sentralnervesystemet – sløvheten tiltek og bevisstheten endrast. På grunn av nedsatt blodsirkulasjon vil ein kunne få økt urinproduksjon, og når blodet då blir mer konsentrert er ein i tillegg utsatt for blodpropp. Så no har du noko å slå i bordet med neste gang du frys!

img_8101

Det kan vere viktig å vite korleis vi faktisk mister kroppsvarmen. Det er normalt å beskrive varmetap gjennom stråling, konveksjon, ledningstap og fordamping og respirasjon. Ledningstap er direkte kontakt med for eksempel vayn eller snø. Vi merker fort at ved å holde på ein snøball blir vi kalde i handa. Stråling er infrarød stråling fra naken hud. Dette kan vi motverke ved å kle på oss og dekke til huda. Konveksjon er strauming som frakter varme bort fra kroppen, slik som vind eller havstraumar. Fordamping og respirasjon er varmetap gjennom svette og lufta vi puster ut.

Det er ikkje alltid så lett forstå kva tid kroppstemperaturen er blitt så lav at det er alvorlig. Det er visse teikn ein kan sjå etter dersom ein lurer på om turkameraten har fått hypotermi.

Mild hypotermi (32 – 35 grader)

– Skjelving, rask hjertefrekvens, rask pustefrekvens

– Kald hud

– Urolig, kan klage over smerte i albuer, kneledd og hender

– Kan bli likegyldig, få uklar tale og redusert vurderingevne

– Paradoksal avkledning: kler av seg når kroppstemperaturen er lav

Moderat hypotermi (28-32 grader)

– Nedsatt bevissthet, personen blir sløvare og vanskeligare å få kontakt med

– Skjelvinga opphører

– Nedsatt pustefrekvens

– Nedsatt hjertefrekvens

– Reduserte reflekser og utvida pupiller

Alvorlig hypotermi (under 28 grader)

– Bevisstlaus

– Svært kald hud

– Ekstremt nedsatt hjertefrekvens, det er risiko for hjerterytmeforstyrrelse og hjertestans

– Ingen følbar puls i hender og føtter

– Ingen reflekser, pupillene reagerer ikkje på lys

– Vatn på lungene, såkalla lungeødem

– Økt urinproduksjon

Kva kan du gjere for å hjelpe? Søk ly for vêr og vind, og oppmuntre den nedkjølte personen til aktivitet. Det aukar varmeproduksjonen i musklane. Ta av eventuelt vått tøy, skift til tørre og varme klede. Drikk varm og sukkerholdig drikke. Bruk gjerne varmeflasker eller varmetepper for å varme opp personen.

Hvis turkameraten din har redusert bevissthet, altså er sløv eller mindre kontaktbar så ring etter hjelp. Då er vedkommande så nedkjølt at det er fare for at det oppstår hjerterytmeforstyrrelser, og det er viktig at oppvarminga skjer på sjukehuset. Legg personen flatt ned på teppe, liggeunderlag eller liknande. Ta forsiktig av vått tøy og pakk inn personen i varme klede for å unngå ytterligere varmetap.Hvis ein er ute og det er kaldt, så ikkje fjern våte klede. Kle heller på tørre klede utanpå eller bruk dampsperre for å hindre varmetap.

På sjukehuset har ein metoder for oppvarming som hindrer at det oppstår hjerterytmeforstyrrelser og lavt blodtrykk på grunn av utvida blodårer. Det blir gitt varme væsker i blodet og oppvarma oksygen. Ein har også tilgang til hjerte-lunge-maskin som aukar kjernetemperaturen raskt og kontrollert.

Husk at dersom turkameraten din i verste tilfelle skulle få hjertestans når han er nedkjølt, så kan hypotermi beskytte hjernen. Det er derfor viktig å fortsette med hjerte-lungeredning helt til personen faktisk er oppvarma igjen før ein kan konstantere at personen ikkje kan gjenopplivast. Det er fleire døme på vellykka redningsaksjoner etter alvorlig nedkjølte personer. I 1999 var det ei 29 år gammel kvinne i Narvik som fall gjennom eit islagt elveleie då ho sto på ski og vart liggande fastklemt under isen i over ein time. Kroppstemperaturen hennar var målt så lavt som 13,8 grader, men ho overlevde og haldt fram i jobben som lege. Fortsett derfor med livreddande behandling til akuttmedisinsk hjelp kjem.

Forebygg nedkjøling ved å kle deg rett, ha med tørt tøy og søk ly hvis du treng!

dpp_2491

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s