Lofoten, og plast i havet

Det har blitt populært å besøke Lofoten, den vakre øygruppa som stikker ut i havet i Nordland. Mengder av turister gjer at bebuarane er sett seg nøydde til å begrense trafikken av besøkande. Slitasje på natur og miljø er bieffekter av turismen, resultat ein helst skulle vore forutan.

Balansen mellom økonomisk inntening og øydelegging av sjåverdigheter er ikkje nødvendigvis lett. Vi som er tilreisande kan gjere det vi kan for å hjelpe til, som til dømes velge alternative stiar og vegval, plukke opp søppel (andre sitt også), gå på do på tilviste stadar, ikkje legge igjen spor i naturen i form av utbrente bål og knekte greiner, kjøre kollektivt og støtte miljøvennlege tiltak.

I Kvalvika er det ei bortgjømt vakker strand. Vel, den er relativt godt kjent, og har jevnleg besøkande innom. Det som er så leit er at den flyter over av søppel. Plastblåser, garnrester, flasker og plastkuler kjem flytande inn frå storhavet og vert liggande på stranda. Ein liten smak av den store forsøplinga av havet. Ein kan berre ane kva meir som flyt der ute i horisonten.

img_9252

Visste du at 88 % av havoverflata er forurensa av plast? Plasten kjem frå leiker, plastposar, redskap og liknande som vert skylt ut i havet gjennom avløp eller forsøpling. Plasten blir brutt ned i mindre bitar, mikroplast, som det kan ta fleire hundre år før forsvinner. Eingongsbleier for eksempel er antatt å ha ei nedbrytningstid i havet på 400 -500 år. Mikroplasten påvirker atferda hos sjøorganismer og kan bli tatt opp i næringskjeda.

hvorlangtid

Plast er også farlig for dyr som ferdast langs strendene; nokre går seg fast i garn og taurestar og andre et plastbitar som flyt i sjøen. Kvart år dør truleg meir enn ein million sjøfugl, over hundre tusen marine pattedyr og eit ukjent antall fisk over heile verda på grunn av menneskeskapt avfall. Det er sjukt.

På grunn av havstraumer vil plasten og søppelet i verdshava samle seg i store øyer. Dei tre største av desse øyene har ein omkrets på over 20 000 km. Det er dessverre ingen land som vil ta ansvar eller betale for å fjerne søppeløyene.

Sjølv om det tilsynelatende er mykje søppel som flyt, så er dette berre 15% av alt søppelet som blir kasta i havet. 70 % ligg på havbotnen, resten langs strendene.

Plast og søppel på strand i Mumbai, India

Plast og søppel på strand i Mumbai, India

Det er heldigvis mange som er oppvakt på problemet, og det vert gjort mykje arbeid internasjonalt for å få rydda opp. Du har kanskje sett at det blir arrangert strandryddedag i fleire land? Mange land har streng lovgivning på forurensning, og andre har oppretta returordning for fiskeredskap. Det er ein start, men det er ikkje nok. Det er eit felles internasjonalt ansvar, og i staden for å skyve ansvaret videre over på andre land må det eit globalt tiltak til for å få fjerna alt søppelet.

Kva kan vi som enkeltpersonar gjere? Først av alt, ikkje kast søppel eller avfall i naturen. Kast berre toalettpapir i doskåla, ikkje bomullspinner og plastbiter som skyllast ut i havet. Kast sigarettsneiper eller snus i søppelet, ikkje på bakken. Er det meldt flom eller uvêr så sørg for å sikre gjenstander som kan blåse vekk eller bli skylt på havet. Kjøp mindre plast; bruk sekk eller tøypose når du handlar, kjøp miljømerka produkt, velg produkt uten plastemballasje om det er mogleg (dette er forøvrig eit punkt som ein kan skrive eit heilt innlegg om – tilnærma alle grønnsaker er i dag innepakka i plast. Sukk.). Ser du søppel på bakken så plukk det opp og kast det i søppeldunken – sjølv om det ikkje er ditt.

Kjelder:

1. http://www.dn.no/nyheter/utenriks/2014/07/31/0619/88-prosent-av-havoverflaten-er-forurenset-av-plast

2. http://www.vg.no/nyheter/utenriks/klimatrusselen/enorme-soeppelmengder-truer-med-aa-utrydde-dyreliv/a/10148517/

3. http://www.miljostatus.no/Tema/Avfall/Forsopling-av-havet/

4. http://holdnorgerent.no/strandrydding/

5. http://www.miljodirektoratet.no/no/Tema/Avfall/Forsopling/Marint-soppel/

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s