Chamonix, Frankrike

Dersom du har tenkt deg til dei franske alpene ein gang er det verdt å ta turen til Chamonix. Byen yrer av forventninger, mennesker med skistøvler og klatreseler, omringa av så høge fjell at du må bøye hovudet langt bak for å sjå toppen.

Og til topps kjem du lett med gondolbanen, Aguille di Midi er 3842 moh og er startpunktet for den kjente turen ned Vallee Blanche. På toppen har dei både kafè og utkikkspunkt, og blant Asiatarar med dongeribukse som skjelver av kulde er det mengder av skiturister som gjer seg klare for den spektakulære nedkjøringa. Av og til ser du gjerne nokre spenstige sjeler som rapellerer ned ei trang renne for ein utfordrande skitur, andre er utstyrt med tau og sikringsmidler for å klyve seg over Arête des Cosmiques. Har du lyst å ta turen ned Valle Blanche er det viktig å huske å ha med seg breutstyr som sele og sikringsutstyr og sjølvsagt ha kunnskap om ferdsel på bre. Har du ikkje det er det fullt mulig å leige ein guide til å føre deg sikkert ned – det er tilsynelatande nok av erfarne og hardbarka UIAMG-sertifiserte guider i byen.

 

Forutan om Valle Blanche er Chamonix Valley full av skiheiser og deilige skibakker. Les Grand Montets, Balme Vallorcine, Flegere, Brevent og Les Houches er blant dei største områda, og ein skulle tru at alle finn noko dei likar. Det er lett å komme seg til og frå med hyppige bussavganger som er gratis om du har skikort. Er det pudder og nysnø bør du vere tidlig ute – det blir fort oppkjørt av andre ivrige skibomser. Heldigvis er det mykje å ta av. Chamonix er også ein ettertrakta stad om sommaren, og har mange muligheter for fjellturer og aktiviteter som klatring og mountain biking.

 

Du kjem deg enklast til Chamonix med fly til Geneve og deretter buss i 1 – 2 timer til Chamonix. Det er kort veg til Sveits og Italia, og har ein tid og penger er det fint med leigebil. Då kan ein kjøre vidare på eventyr i andre deler av alpene. Fine veger, små landsbyer og innbydande natur.

Sjekk ut http://www.chamonix.com for informasjon!

img_8796

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s