Med overlandtruck gjennom Afrika

Safari, ørken, pyramider, kameler og elefanter. Kva tenkjer du på når du hører om Afrika? Det er eit kontinent som ikkje er like besøkt som andre stader, både på grunn av tilgjengelighet, pris og tilrettelegging. Rett nok har turismen til land som Kenya, Tanzania og Sør-Afrika auka siste tida – mellom anna er Kilimanjaro etterfulgt av safari eit ettertrakta tilbod til eventyrlystne nordmenn.

DPP_0064

Eg og Siri hadde 4 måneder til rådighet på vår backpacker-reise, og sikta oss inn mot Afrika som første stopp. To blonde jenter på farten gjennom eit ukjent kontinent vart ei litt stor utfordning å gjere på eigenhand, så vi meldte oss på ein tur med ein overland-truck. Det er mange reiseselskap som arrangerer dette – ein busstur med ei gruppe eventyrlystne mennesker, der opplevinger står i fokus. Overnatting foregjekk stort sett i telt på ulike campingplasser, og maten lagde vi sjølve i fellesskap. På den måten var hygienen ivaretatt, og ein unngjekk reisemage og infeksjoner. Bål lagde vi også, og av og til sov vi under stjernene. Eit av dei flottaste minna frå turen er ein løpetur i Spitzkoppe i Namibia, men ein sval temperatur og spennande steinformasjoner, etterfulgt av bålhistorier med varm kakao og overnatting under open himmel.

Vårt Afrikanske eventyr varte i 42 dager, og vi var fem personer som meldte oss på heile lengden. Det var fleire som tok deler av turen, og det er sjølvsagt eit flust av turer og ulike liknande reiser ein kan melde seg på. Ein må då velge etter interesse og tid til rådighet. Gjengen vår kom fra England, Australia, Frankrike, Nederland og Singapore. Både sjåføren og reiseleiaren var Afrikanske og kjente til byråkratiet, systemet og vegane godt. Ein stor fordel at det meste går på skinner, på eit kontinent der mange berre trekker på skuldrane og smiler “This is Afrika” dersom ting går litt trått. Forøvrig ein egenskap som vi truleg kan lære litt av med våre stressfulle levevaner i nord.

I Kenya og Tanzania var vi på safari, både i Masai Mara og i Ngoro-Ngoro krateret. Som tatt ut av filmen Løvenes Konge kom dyra på rekke og rad, og “The Big Five” var raskt innan rekkevidde (løve, elefant, bøffel, leopar og nesehorn).  Zanzibar ei ei øy i Tanzania, og etter opplevelser på savannen var det strandliv, krydder og kokosnøtter som sto for tur. I Malawi var vi på ridetur og lokale marknader, i Zambia brukte vi tida på adrenalinfylte aktiviteter. Rafting på Zambezi-river kan absolutt anbefalast, og ein helikoptertur over Victoria Falls er eit høgtsvevande minne. I Botswana besøkte vi Okavangodeltaet og var på kanotur med campingliv, i Namibia hoppa vi i fallskjerm og i Sør-Afrika var vi på vinsmaking.

Vi reiste med Acacia Africa (https://acacia-africa.com/). Det finst mange ulike aktører i dag, blant anna GapYear Overland, Kilroy, Oasis Overland, Dragoman og eit par håndfuller til. Eit kjapt internettsøk på overland tours, så er det berre å velge. Ein slik tur passer for mennesker i alle aldrer, i gruppa vår var var den yngste 19 år og den eldste 43 år. Likevel vart vi sammenspleisa og fungeret veldig godt som ei gruppe. Det å reise med ein utanlandsk aktør gjorde at vi vart gode i språk og traff folk frå ulike land. Det er sjølvsagt fullt mogleg å reise på eigenhand utan ein overland-truck, ein kan til dømes kjøre sjølv eller haike. Uansett kva måte du vel å reise på, så vil du nok kjenne både på begeistring og eventyrlyst i det du opplever Afrika. Eg trur det er ein av dei finaste og mest minnerike turane eg har gjort.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s