Norge på langs, på sykkelsetet

Har du nokon gong drøymt om å gjere noko spektakulært, som til dømes å sykle Norge på langs? Då anbefaler eg deg å ta steget vidare, og sette drøymen til verks! Det er lettare enn du trur, og plutseleg står du igjen med ein haug gode minner du aldri ville ha vore foruten. I tillegg har du fått auka kunnskap om geografi og områder i Norge, betre kondisjon og større lår.

Mange har tatt samme turen før deg, og nokre syklar rekordraskt. Så akkurat det at vi ville sykle Norge på langs skiller oss ikkje ut frå mengda. Likevel, for oss vart det ein liten ekspedisjon, og då trengs det sponsorer! Brev og e-poster vart sendt ut til utvalgte produsenter, og jammen fekk vi ein del positive svar. Med flott Svalbardtelt frå Helsport sov vi godt ute fem veker i strekk, og kleda vi fekk frå Bergans gjorde at vi var varme og gode til tross for motvind og regn. Ikkje det at vêret var så gale; vi hadde kanskje ei veke til sammen der sola ikkje skein. Ikkje verst! Elles fekk vi også sponsa fine ullklede frå Devold, mange energi- og proteinbarer frå Proteinfabrikken og Maxim, for ikkje å snakke om øskja med Toro-produkt! Det gjekk mykje i gryteretter og Rett-i-koppen med oss på turen, det er lettvint og greit. I tillegg til alt dette sponsa Ute Depot oss med rabattert pris på sykkelvesker frå Ortlieb. Desse veskene kan verkeleg anbefalast, då dei tåler vatn og tøff langvarig bruk. Så om du eller nokre du kjenner planlegg ein langtur, så ikkje ver redd for å høre med ulike produsenter om støtte til turen; veldig mange stiller seg positiv til slikt engasjement!

Ein ting er sikkert, uten spesifikk sykkeltrening før langtur kjennes det godt i låra dei første dagane. Vi la ruta opp Setesdalen og over til Dalen og Rjukan, vidare til Geilo, Gol, Leira og over Synnfjellet til Gudbrandsdalen. På kartet ser dette ut som ei grei rute, men vi erfarte at det kan vere lurt å spørre lokalfolk om vegane dersom ein ikkje er kjende sjølv. Maken til mange fjelloverganger skal ein leite lenge etter! Det var ein tøff start, men vi fekk i allefall sjå mykje fin natur og god motbakketrening. Det hjelper godt på med vinking og oppmuntrande tuting frå forbikjørande, og dessutan; etter motbakker kjem det alltid ein fin nedoverbakke! Litt kjedelig er det likevel dersom bremsene svikter på toppen av fjellovergangen. På vegen ned i frå Synnfjell vart bremsene på eine sykkelen utslitne, og sykkelen måtte trillast nedover i to mil før vi kom til sivilisasjonen. Slikt går det vekk litt tid på. Med god motivasjon og positiv innstilling ordner det seg alltid likevel, og sykkelen vart fiksa kjapt på ein sykkelforretning. Det var stort sett det einaste problemet vi hadde med syklane undervegs, så kan ikkje klage på det! Medan andre punkterer opptil fleire ganger, var vi heldige og slapp unna det.

Langs E6 går det ofte parallelle vegar som er mindre trafikkerte og bedre veleigna som sykkelvegar. Det er godt å sleppe unna tungtrafikken, og det er dessutan ikkje alle delar av E6 som er lovleg for syklister heller. Når det er sagt, så merka vi at det gjekk veldig radig på dei fine, flate asfalterte vegane oppover Gudbrandsdalen. Der fekk vi slukt litt fleire mil kvar dag, og vi såg litt lysare på vegen framover. Før vi reiste hadde vi fått fleire kommentarer om at det kom til å bli tungt i oppoverbakkane i nettopp denne dalen og opp til Dovrefjell. Så vi innstilte oss på heftig motbakketråing, men var eigentleg oppe før vi visste ordet av det. Frå Dovrefjell og til Oppdal var det stort sett susing i nedoverbakke, og vi gjorde raskt unna 14 mil før vi valgte å slå leir for kvelden. Å sykle frå sør til nord kan derfor lett anbefalast frå vår side!

Sola og varmen fulgte oss vidare til Trondheim, og her hadde vi pause ein lang ettermiddag og påfølgjande formiddag. Vi fekk overnatte med venner og hadde vår første natt innendørs. Det var litt av ein luksus! Vi kjente dagen etter at vi hadde fått ny påfyll med energi, men at det samtidig var litt tungt å dra vidare. I alle fall når ein slår opp teltet og kjenner kor myggen bit og kor klam soveposen er. Myggen vart for øvrig større og større dess lenger nord vi kom, noko som kan vere like greit, for då oppdager ein den lettare. Det var verre med flugene. Når vi strevde oss oppover motbakkane i varmen kom dei i store svermer og surra og summa og satte seg på oss i rein utspekulert terror. Det er fryktelig energitappande!

Frå Steinkjær til Bodø fulgte vi kystriksvegen, rv 17. Dette er ei populær turistrute, både for campingbiler og sykler. Naturen på Helgeland er nydelig, med fjella Dei Sju Søstre og det populære øyriket Vega. Det einaste som kan vere eit problem er fergene; det er seks fergeleier langs rv 17. Er det til dømes søndag, så går ikkje ferga så fryktelig ofte. Det er derfor nødvendig med planlegging om ein vil ha god flyt. Klaffer det ikkje, kan ein alltids rulle ut liggeunderlaga og slappe av med ei bok og litt snacks i tre timer før ferga kjem. Andre ganger kan ein ta ein intervallspurt på 4-5 km og nå ferga akkurat, med heiing og jubel frå dei ventande turistane i køa som kjørte forbi oss tidligare. Det er nokså moro!

Sidan Helgelandskysten er ei populær sykkelrute, møtte vi også ein del andre syklister. Blant anna to menn som spanderte på oss fattige studenter 100 kr til å kjøpe noko godt for, ein lærer frå Serbia som hadde sykla både i New Zealand og Europa tidligare, og nokre Franskmenn som hadde sykla heilt i frå Frankrike. Då føler ein at det å sykle Norge på langs kanskje ikkje er så fryktelig svært likevel. Spreke folk i allefall! Forutan om syklister og turister, florerer det av elger i Nordland. Vi holdt på å kjøre på to svære eksemplarer av arten, og vi veit ikkje kven som vart mest skremde av oss eller dyra. Vi brukte i allefall ikkje lange tida på å kome oss derifrå.

Å sykle kystriksvegen inneberer å sykle langs fjordane. Av og til kan ein sjå like over fjorden kor ein skal, men utan bru eller ferge må ein sykle mangfoldige fleire mil rundt for å komme dit. Det er i slike tilfeller ein nesten vurderer å leige ein båt. Vegane er heldigvis veldig flate og fine i dette området, berre litt småkupert her og der. Eit lite tips til dei som ønsker og sykle Helgelandskysten er at det er langt mellom butikkane! Pass derfor på å handle inn det ein treng av mat når ein først ser ein open daglegvarebutikk. Det kan nemleg gå lang tid før den neste dukker opp.

Frå Bodø tok vi ferga over til Moskenes i nydelig sol. Første dagen vår i Lofoten var fantastisk, og vi sykla i bikini til missunnelige blikk frå turistane i dei forbipasserande varme campingbilane. Reine er eit nydelig fiskevær, og med måkeskrik og bølgeskvulp var det akkurat som om vi hørte lyden til eit postkortmotiv. Vidare sykla vi forbi Ramberg med den krittkvite badestranda og dei ruvande fjella over, og hadde deretter ein avstikkar til Nusfjord. Lofoten i sol er verkeleg ei naturperle i Norge. Uheldigvis kom tåka veltande over fjella som ei tjukk dyne ut på ettermiddagen, og vi sykla i fuktig motvind vidare. Vi hadde eigentleg planlagt ein dag med surfing på Unstad camping, men uten bølger vart det vanskeleg. Likeså vart det mindre aktuelt med fjellturer når tåka låg tjukk ned i fjelltoppane. Lofoten vart dermed unnagjort nokre dagar raskare enn det vi hadde håpa på og planlagt. Vi får heller ta turen tilbake ved eit anna høve, for Lofoten må verkeleg opplevast!

I Vesterålen sank temperaturen litt, og det vart litt kaldt og gufsent å sykle. På Andøya var det skikkelig ruskevêr, med tåke, vindkast og regn. Vegen var heldigvis heilt flat, så syklinga gjekk raskt og greit! Når gråvêret letta fekk vi sjå fascinerande klipper og fin natur også der. Frå Andenes tok vi ein voldsom rullande fergetur over til Gryllefjord. Dønningane var fryktelig store, og frukosten som vart inntatt på ferga i det vi la fra kai, pressa faretruande i halsen. Heldigvis sovna vi begge to, slik at den to timer lange turen ikkje føltes som ein evighet. På Senja var det flott, men synd at vi ikkje fekk sett meir av naturen i fint vêr. Regnet pressa på, og vi vart nokså gjennomvåte. Då var det godt å ta turen innom kafeen på Senjatrollet og drikke fersk rykande kaffe med så mykje gratis påfyll ein ønskjer! Det var likevel ikkje eit problem å fortsette i regnet; vi skulle overnatte med familien til ei venninde på Finnsnes, og tanken på å sove i gode varme senger frista. Med lukta av nysteikt pizza trilla vi inn på tunet, og det kommande døgnet vart for oss eit stort etegilde; grillmat, gode pålegg, kaker, smågodt og snacks i så store mengder vi berre ville ha. For det er sikkert; apetitten vår auka fryktelig i løpet av turen. Kaloriforbruket vart sikkert dobla, og maten går rett ned. Vi sprengte sikkert matbudsjettet før turen var halvvegs.

Med nyvaska klede ankom vi Tromsø, nordens Paris, og tok oss tid til å gå ein kveldstur opp på Fløya og sjå Midnattssola. I Lyngen og Finnmark kunne vi sykle lettkledde igjen når sola skein, men reinsdyra som beitte rundt vegane forsterka likevel kjensla av å vere langt nord. Frå Alta sykla vi over dei flate lange viddevegane på Sennalandet, og etter ein nesten 7 km lang undersjøisk tunnel var vi plutselig i Honningsvåg. Vi tok fatt på dei siste tre mila med godt mot, sjølv om det var nokre lange harde bakkar. Det gjorde ingenting, sidan vi visste at dette var dei siste oppoverbakkane vi kom til å forsere i denne omgang. Med Nordkappplatået i sikte kjente vi sommarfuglane flagre i magen, og sammen rulla vi inn til bomstasjonen og betalte avgifta før vi fekk ta dei obligatoriske bilda sammen med polarkula. Ei fantastisk kjensle! Etter litt vask og klesskifte feira vi turen med ein nydelig buffet, og spiste både fiskesuppe, elgkaker, ratatoille, bacalao, kaker og mousse til vi knapt kunne gå der i frå. Som ei perfekt avslutning på turen fekk vi sjå midnattssola lage eit flott fargespekter over havet.

For dei som kunne tenke seg å gjennomføre ein liknande tur, kan vi komme med nokre tips. Vi brukte i underkant fem veker på denne turen. Då tok vi det rolig, og sykla i snitt mellom 8 og 10 mil kvar dag. Dei fleste sykler vel litt raskare, med ei distanse på 10-15 mil kvar dag. Dette kan ein velge alt etter som kor god tid ein har og kva som er målet med turen. Vi tok fly ned att frå Alta, og hadde tre flotte kviledagar der med sydentemperatur og sol før flyet gjekk. Syklar på fly er ikkje noko problem berre ein bestiller plass på førehand, men det kjem ei avgift på ca 300 kr per sykkel. Det er alltid greit med ekstra utstyr til sykkelen i bagasjen, som lappesaker, bremseklosser, olje, verktøy, pumpe og kjedeklips, og ein bør vite korleis ein bruker utstyret. Det aller viktigaste er kanskje ei god sykkelbukse med polstring i baken – gjerne to ulike typer. Dei vi brukte hadde ein tendens til å gnage litt i saumen, og det vart etterkvart ubehagelig og vondt. Solkrem og myggmiddel er eit must, og sykkelbrillene hindrer fluger i å kræsje midt i augene dine. Vi overnatta i telt heile turen, bortsett frå dei to nettene hos venner. Det er absolutt ingen problem å finne seg ein fin plass å slå opp teltet, men det kan vere greit å stoppe ved elver eller vatn for å få vatn til matlaging og oppvask. Elles klarer ein seg fint med motivasjon og pågangsvilje! Norge på langs på sykkel er ein tur som alle kan klare, og vi anbefaler deg å hoppe i det. Du vil i allefall få god kondis, harde lår og minner for livet.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s