Acute Mountain Sickness – høgdesjuke

Det er stadig fleire som ønsker å reise på ekspedisjoner til høge fjell. I tillegg er det lett tilgjengelig for folk flest å melde seg på hos ein operatør som arrangerer tur til for eksempel Kilimanjaro eller Aconcagua. Det er likevel ikkje risikofritt å bevege seg i høgda, då ein er utsatt for å utvikle høgdesjuke, lungeødem eller i verste fall hjerneødem. Her kjem ein kort introduksjon til kva høgdesjuke er, korleis ein kan forebygge det og korleis det eventuelt behandlast dersom ein er så uheldig å få det.

Når ein stig i høgde, vil trykket bli lavare. Oksygeninnholdet i lufta vil framleis vere ca 21 %, men siden trykket er lavare vil det vere mindre oksygen. Dersom ein då ikkje er akklimatisert, altså tilvendt høgda og det aktuelle lufttrykket, vil oksygeninnholdet i blodet gradvis falle ved oppstigning i høgda. Dei som har vore på eit høgt fjell husker kanskje kor raskt anpusten dei vart i begyndelsen – pustefrekvensen må auke for å få nok oksygen til kroppen. Gjennom akklimatisering venner ein seg til høgda over tid, men tida det tek å bli akklimatisert kan variere frå person til person.

Dersom ein stig i høgde raskare enn kroppen klarar å tilpasse seg kan ein utvikle høgdesjuke, også kalt Acute Mountain Sickness (AMS). Korleis kjenner du igjen om turkameraten har fått høgdesjuke? Dersom de har foretatt ei rask oppstigning over 2500 moh, og turkameraten din klager over hovudverk samt dårlig matlyst, kvalme eller oppkast, fatigue eller slapphet, svimmelhet eller vanskar med å sove, bør du tenke på at han kan ha utvikla høgdesjuke. Det kan likevel vere få funn ved mild og moderat høgdesjuke.

Mekanismen bak AMS er ikkje fullt ut kjent, men symptoma er antatt å komme av ein mindre oppsvelling av hjernevevet som følge av mangel på oksygen. Denne oppsvellinga kan komme av at blodårene utvider seg som ein kompensasjon for mangel på oksygen – det må meir blod til enn før fordi blodet er meir oksygenfattig. Som følge av meir blod i hjernen vil hjernevevet bli oppsvella slik at trykket aukar og den kan bli pressa mot skallen og skape hovudverk.

Foruten om AMS, kan ein utvikle høgdehjerneødem eller høgdelungeødem. Ødem er ein betegnelse på væske som trekker ut i vevet. Har ein til dømes hovne anklar etter ei flyreise kan ein kalle det eit ankelødem. Høgdelungeødem (high altitude pulmonary edema, HAPE) kjem gjerne andre natta etter oppstigning, og oftare hos unge spreke personer, gjerne menn. Årsaken kan vere at desse er ivrige og stig i høgde raskare enn kva kroppen tåler. HAPE antas å oppstå som ein følgje av ein samantrekning i nokre av blodårene i lungene. Dette vil gi eit høgt trykk i årene, som vidare kan gi ei lekkasje av væske frå blodet inn i lungevevet slik at lungeødemet oppstår. Symptoma kan vere tung pust ved kvile, hoste, slapphet ved mindre fysisk anstrengelse og surkling fra brystet. I tillegg kan vedkommende få rask puls og pustefrekvens, og bli blålig på lepper og hud. Høgdelungeødem er den vanligste årsaken til død relatert til høgdeopphold, men er likevel lett å reversere dersom det blir oppdaga tidlig. Den viktigste behandlinga er å flytte personen med HAPE ned i høgde. Dette gjeld også dersom ein er i tvil om det er lungebetennelse eller noko anna som kan likne. I tillegg til nedstigning bør oksygen tilførast dersom det er mogleg, og eventuelt eit hyperbarkammer.

Høgdehjerneødem (high altitude cerebral edema, HACE) er ein sjeldan tilstand som opptrer hos dei som allerede har AMS eller høgdelungeødem, og er livsfarlig dersom det ikkje blir behandla. Symptoma på høgdehjerneødem kan vere ustøhet og dårlig koordinasjon, alvorlig slapphet, endra bevissthet med forvirring, døsighet og nedsatt reaksjonsevne. Det er avgjerande at personer med HACE blir forflytta ned i høgde.

Kor utsatt ein er for å få høgdesjuke avhenger av faktorer som oppstigningstempo, høgda ein er på og søv på, lengda ein oppholder seg i høgda på, graden av fysisk anstrengelse og individuell disposisjon. Det er derfor gode muligheter for å forebygge og unngå høgdesjuke på din neste ekspedisjon. Det enklaste er å foreta ei langsom oppstigning. Ein bør ikkje auke sovehøgda med meir enn 300 meter i løpet av 24 timer, og for kvar 600-1200 meter bør ein legge inn ei ekstra natt. Ved å gå akklimatiseringsturer fra ein camp, vil ein kunne auke eksponeringa for ei høgde ein ikkje er akklimatisert for. Ved å returnere tilbake til campen samme dag vil ikkje høgdesjuke rekke å utvikle seg i særlig grad. Samme sovehøgde beholdast ofte i fleire dagar om ein skal bevege seg over 300 m til neste camp. Dei fleste nordiske reiseselskap har god kontroll på høgdesjuke og legg opp ekspedisjonen med slike akklimatiseringsturer til høgare områder før dei returnerer til camp.

I nokre tilfeller vil ein ha behov for rask oppstigning til store høgder. Det kan vere i forbindelse med ei ulykke der ein redningsaksjon må gjennomførast uten tid til akklimatisering. Medikamenter brukt forebyggende vil då kunne vere til god hjelp. Dette gjeld for personer som gjer ei oppstigning frå havnivå til sovehøgde på over 3000 moh på èin dag, og anbefalast også for personer som har hatt tidligare episoder med høgdesjuke.

Dei vanligste medikamenta som er i bruk både som forebygging og behandling er Diamox (virkestoffet Acetazolamid) og Dexametason (virkestoffet Deksametason).

Acetazolamid aukar pustefrekvensen din og framskynder akklimatiseringa og dermed også oksygeneringa til vevet. Tek du det før leggetid forbedrast søvnkvaliteten og du kan unngå symptomer på høgdesjuke. Acetazolmide aukar også urinproduksjonen og hindrer utvikling av væske i vevet, ødem.

Det er nesten alltid bivirkninger ved eit medikament som ein bør vere klar over, og nokre personer tåler ikkje medisinane i det heile tatt. Som med alle andre medikament bør ein søke råd hos eigen lege før inntak av nye medisiner. Dei vanligaste bivirkningane ved acetazolamid er nummenhet eller prikking i hender og føtter og gjerne på leppene, auka vannlating, elektrolyttforstyrrelsar og endra surhetsgrad i blodet.

Deksametason framskynder ikkje akklimatiseringen på samme måte, men reduserer symptoma på høgdesjuke, forbedrer kognitiv funksjon og gir pasienten mulighet til å komme seg ned sjølv eller holde seg bra til redninga kjem. Deksametason vil føre til mindre ødem og mindre trykk i hjernen og vil dermed redusere symptom som hovudverk og kvalme samt forbedre mental status. Deksametason er sjeldnare brukt forbyggande, men kan brukast ved behandling av høgdesjuke.

Det beste er som sagt å unngå å bli høgdesjuk. Og gjennom god akklimatisering, god planlegging forut for turen og gjennomføring etter planen, så vil risikoen for å utvikle høgdesjuke bli mindre. Det er ein god følelse å nå toppen av fjellet og samtidig føle seg i god form!

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s