Bolivia – saltørken og høge fjell

Bolivia er ein republikk midt i Sør-Amerika, og grenser til Chile, Peru, Argentina, Paraguay og Brasil. Landet er eit av dei fattigaste på kontinentet, til tross for store naturressurser.  Mangel på tilgang til havner, politisk ustabilitet og dårlig styring er nokre av årsakane til at ladet er så fattig. Den svarte økonomien i landet er likevel stor, på grunn av ulovlig framstiling og handel med kokain. Bolivia er eit fint land å reise i som turist, det er relativt billig, det har vennlige innbyggarar og vakre sjåverdigheter.

Vi kom med buss til Bolivia, fra Salta i Argentina til La Quiacha. Ein ting som var veldig merkbart med ein gang vi gjekk av bussen var at vi var komne til eit høgareliggande område. Då vi gjekk opp ein bakke ved grenseovergangen vart vi kortpusta med ein gang. Det kan vere verdt å ha i tankane at når ein reiser frå lave strøk til høgareliggande strøk tek det litt tid å akklimatisere. Det gjekk heldigvis fint med oss, vi slapp både hovudverk og høgdesjuke.

Vi tok bussen frå grensa vidare til Tupitza. Det er ein kjent by for turister og eit vanlig utgangspunkt for saltørkenen, Salar de Uyuni. Saltørkenen er verdas største saltslette på over 10 0000 km2.  Området er ein del av restane etter ein svær forhistorisk innsjø kalt Minchin. Då innsjøen tørka ut etterlot den seg to mindre innsjøer, Pooposjøen og Uru-Uru- sjøen, i tillegg til to store saltsletter; Salar de Coipasa og Salar de Uyuni. Sistnemnde trekker til seg mange turister årlig på grunn av landskapet. Sjølv booka vi ein 4-dagers tur til saltørkenen gjennom aktøren Tupitza Tours. Dette gjorde vi den dagen som vi kom til Tupitza, med avreise dagen etter, så det er nok ikkje nødvendig med førehandsbestilling der. Ein slik tur med jeep til saltørkenen kan virkelig anbefalast! Det er dessverre fleire som har hatt problemer med berusa sjåfører, men vi var heldigvis ikkje ein del av den statistikken. Det er vel ein del tilfeldigheter sånn sett.  Jeepen tok 7 passasjerer og forutan om sjåfør og kokke, var det med tre franskmenn. Det er både spennande og trivelig å bli kjent med andre reisande på den måten – det er vel igrunn det som gjer reisa så bra som den blir. Vi fekk sjå både laguner, bade i varme kilder, sjå flamingoer, og sjå soloppgangen i saltørkenen. Kokka som var med lagde kjempegod mat underveis og sjåføren klarte å holde bilen på vegen.

Då vi kom til Tupitza booka vi også ein 5-timers tur med hesteridning samme dagen.  Då fekk vi en «guide» på 22 år som berre snakka spansk. Til tross for språkproblem oss i mellom var det ein fantastisk fin tur! Vi reid gjennom ørken og trange canyons, fekk sjå røde fjell farga av solnedgangen innimellom spisse pinakler. Galopperte om kapp gjorde vi også! Eg er ingen røynd hesterytter, men denne opplevinga ville eg definitivt ikkje vore forutan.

Frå Uyuni tok vi buss til La Paz. Det er nærast ein storby på 3200 – 4000 moh. Sucre er Bolivia sin offisielle hovudstad, men La Paz er regjeringssetet og det politiske sentrum i landet. I La Paz er det mange ting å gjere for turister, og vi var der derfor i over ei veke. Mellom anna var vi på ein tur til Chacaltaya som er eit fjell på 5421 moh. Vi var også i Månedalen, Canyon de La Luna, og sykla på den velkjente Death Road. I tillegg meldte vi oss på ein tur til Huayna Potosi (6088 moh) via Travel Treks. Det er sjølvsagt ein haug med ulike aktører som arrangerer desse turane, men anbefaler å lese litt på internett og ulike reiseforum som Lonely Planet sitt Thorntree før ein bestemmer seg.

Etter alle fartsylte aktivitetane i La Paz tok vi buss vidare til Copacabana ved Lake Titicaca. Det gjekk båt til Isla del Sol, ei øy i sørlige delen av Lake Titicaca. Den har ingen biler eller kjøretøy, og ingen asfalterte vegar. Familiane som bur på øya driv med landbruk og fisking, i tillegg til turismen. Mange turister reiser dit for å sjå ruiner, og der er over 80 slike på øya. Dei fleste daterer til Inka-perioden på 1500-talet, men det er spor etter busetnad mange tusen år tilbake i tid. Vi fulgte ein fin vei over øya, og fekk slik ein god gåtur med utsikt og historiske innslag. Ein kan gjerne overnatte på øya og oppleve den over fleire dagar om ein har mulighet til det.

Vi tok derimot båten tilbake og deretter bussen vidare til Puno i Peru. Lake Titicaca ligg nemlig akkurat på grensa mellom Bolivia og Peru, og ein kan oppleve innsjøen frå begge sider. Bolivia er eit land med spennande natur og historie, eit land eg meir enn gjerne reiser tilbake til.

Fakta og tips:

  • Beste tida for å besøke Bolivia er i perioden mai-oktober, då er det høgsesong. Oktober-november er det litt rimeligare, og kan likevel vere i fin tid å besøke til dømes Salar de Uyuni på. Lav-sesongen er frå november til april, og då er det regnsesong. Det kan skape problemer med transport og vegsamband, og aktiviteter som klatring og trekking.
  • Pass opp for lurefolk/scams i La Paz: dette står det litt om i Lonely Planet, men det er ikkje sikkert det er så utbredt lenger. Det er mellom anna folk som utgir seg for å vere politi og tek passet ditt, eller spytter på deg når du passerer for å ta veska di. Eg kom ut for fleire slike episoder, men heldigvis hadde eg lest om det på førehand og gjennomskua det med ein gang.
  • Vi fant oftast overnatting den dagen vi kom til nye stader, eller så leita vi litt på hostelworld.com på førehand. Det er veldig lett å finne overnatting, og ein har mulighet til å shoppe litt priser om ein er interessert i det.
  • Det er vannvittig mange turoperatører rundt omkring. Vi baserte valga våre var på det som sto i Lonely Planet, anbefalinger på internett, pris og tilgjengelighet. Oftast treng ein ikkje å booke dette på førehand.
  • Bussane er kjempebra, god kvalitet og billig! Lett å ta nattbuss og dermed spare penger på overnatting.
  • Vi tok ut penger i minibanker når vi kom til eit nytt land/ny stad, og brukte kontanter til å betale med. Bolivia er veldig billig!
  • Ha med ullundertøy, regnklede og sommerklede. Kaldt i høgda og varmt i lavare strøk.
  • Sjekk gjerne ut https://www.lonelyplanet.com/bolivia for meir informasjon.
Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s