Peru – Amazonas og Inka Trail

Mange har hørt og sett bilder fra Inka-riket i Peru, og for meg har det lenge vore ein draum å besøke Machu Picchu. På vår tur til Sør-Amerika var det derfor heilt sjølvsagt at reisa skulle innbefatte ein tur opp i denne sagnomsuste fjellbyen.

DPP_0335

Peru er ein republikk i Sør-Amerika, og grenser til Equador, Colombia, Brasil, Bolivia og Chile. I aust ligg Andesfjella og i vest er Amazonas-regnskogen.

Peru var sentrum i Inkariket, som strakk seg frå det som i dag er Colombia til Chile. Fram til inkariket oppsto på 1300-tallet var det fleire sivilisasjoner i området; mellom anna Paracas, Nazca, Moche, Chimu, Chachapoyas og Tiwanaku. Alle var jordbruksbaserte samfunn som delte mange kulturelle trekk. Inkariket bygde på kunnskapen fra desse tidlige sivilisasjonane og vart etterkvart den mest avanserte grupperinga på det amerikanske kontinentet. Spania erobra Peru i 1531–33, og landet vart først erklært som sjølvstendig republikk i 1821.

Vi kom inn til Peru via buss frå Bolivia. Første stopp var Puno, og sidan vi kom dit 31. oktober var gatene fulle av mennesker i alle mulige kostymer. Det var nemlig Halloween!

Fra Puno meldte vi oss på ein båttur ut til stråøyene og Isla Taquile. Dette er øyer på den kjente Lake Titicaca, ein innsjø i Andesfjella på grensen mellom Peru og Bolivia. Den ligger på 3812 moh og er ein av dei høgasteliggande innsjøane i verda. Sjøen har 42 øyer, derimellom Isla del Sol (sjå innlegget om Bolivia) og Isla Taquile. Folket på Isla Taquile er kjent for handarbeidet og vever fargerike klede og tekstiler. Dei kunstige stråøyene, Uros, er også ein stor turistattraksjon. Dei er laga av siv som veks ved bredden, og skal vere grunnlagt i inkatida.

Etter besøk på øyene tok vi buss til Cusco. Det er ein nydelig by! Den ligger så høgt som 3400 moh., og var tidligare hovudstaden i Inkariket. I dag er det Lima som er hovudstaden i Peru. Cuzco er likevel eit viktig regionalt senter for handel og samferdsel, og har betydelig turisme. Ikkje så rart, men tanke på at byen er utgangspunkt for turer til Inka-trail og Amazonas-jungelen. Byen står på UNESCOs Liste over verdens kultur- og naturarv.

Fra Cusco reiste vi med fly til Puerto Maldonado, i regnskogen Amazonas. Det var ein stor kontrast å fly fra kald høgfjellsluft til høg luftfuktighet og varme! Vi budde vi på ein lodge i jungelen, og var med på båtturer og guida fottur i jungelen. Vi fikk også omvisning i botanisk hage, vi fiska piraja og fekk servert veldig god og eksotisk mat. Av alle dyra vi såg kan eg nemne krokodiller, apekatter, tarantella og anakonda! Eit godt tips er å ta med seg myggmiddel, det er høg luftfuktighet og mykje mygg.

Etter ein tur til Amazonas tok vi flyet tilbake til Cusco. Vi hadde booka ein fottur på Inka Trail med Peru Treks på førehand, før vi reiste fra Norge. Det var lagt opp til at vi sov i telt kvar natt, og der var berarar som tok bagasjen til dei som ville det. Vi fekk servert mykje god mat og kvar morgon starta med kaffi og te i teltet. Det må ein kalle luksus!

DPP_0316

Beste tida å besøke Inka-Trail og Machu Picchu på er april-oktober på grunn av regntid. I februar er Inka-Trail stengt for turister på grunn av vedlikehold. Det er begrensa mengde turister som får gå denne turen kvar dag for å hindre ødelegging og slitasje på naturen, og det er derfor lurt å vere tidlig ute med å booke turen!

Dagane var lange med mykje gåing, men det er vannvittig fine omgjevnader, så ein går i beundring heile vegen. Det høgste passet vi gjekk over var om lag 4000 moh, og for dei som ikkje er tilvendt høgda kan dette by på litt vansker i forhold til høgdesjuke. Men har ein vore litt i høgfjellet i Sør-Amerika forut for fotturen burde det ikkje by på problemer. Vi hadde ein del regn på turen, utan at det la nokon demper på stemninga. Eit godt tips er derfor å ta med seg lette regnklede eller poncho. Siste morgonen før vi skulle gå sjarmøretappen var alle tidlig oppe for å få sjå Machu Picchu i soloppgang. Sjølv om vi hadde litt skyer i toppane var det likevel veldig kjekt å endelig sjå byen ein har sett så ofte på bilder. Det skuffa absolutt ikkje!

Etter Inka-trail var vi ei natt i Aguas Calientes og bada i varme kilder laga til som utandørsbasseng. Vi feira med eit godt måltid og gode senger på hotellet. Fra Aguas Calientes kan ein forøvrig ta buss direkte opp til Machu Picchu, og det er eit godt alternativ for dei som ikkje har tid eller ikkje vil gå heile inka-trail for å komme dit. Vi  tok toget tilbake til Cusco, og med det var besøket vårt  i Peru over for den gang. For oss var det Cuba neste. Forhåpentligvis kan eg få sjå meir av dette spennande landet ein anna gang.

Kilder:

https://www.lonelyplanet.com/peru

https://snl.no/Peru

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s