På farten i Mellom-Amerika

Mellom-Amerika, også kalla Sentral-Amerika, er området mellom sørlige Mexico og Colombia. Det er ikkje eit kontinent, men meir ein geografisk del, eit subkontinent, av Nord-Amerika. Nokre rekner også med sørlege distrikt av Mexico. Vi hadde fire veker til rådighet i desse landa, og brukte tida på både dykking, besøk i Maya-ruiner, sykkelturer og surfing. Ein fantastisk spennande region!

DPP_0457

 

Mexico

Vi ankom Yukatan-halvøya i Mexico etter 10 dagar på Cuba. Frå flyplassen tok vi buss til Playa del Carmen og vidare til Tulum. Vi valgte hostel ut i frå anbefalinger i Lonely Planet, og endte på Weary Traveler. Der var det folksomt med andre ryggsekkturister. Prisen for ei natt på fellesrom kosta 65 kr, og ein kan nok få det ein god del billigare enn det. I Tulum besøkte vi Maya-ruiner og slikka sol på den nydelige stranda. Tulum er ein førkolumbisk mayaby på austkysten av sørlige Mexico. Mayabyen er bygd på klipper ved havet, og mellom klippene er det kvite sandstrender. Det var ein av dei siste mayabyane som vart bygt og hadde sitt høgdepunkt frå 1200 – 1400- talet. På grunn av beliggenhet, og det faktum at det er blant dei best bevarte mayabyane som er igjen, er Tulum ein stor turistattraksjon. Mexico er elles nokså moderne og vestlig, og det er ingen problem med kollektiv transport.

 

DPP_0511

 

Belize

Belize heitte Britisk Honduras fram til 1973, på grunn av kolonisering av Britane i 1862. Belize er på grunn av dette det einaste landet i Mellom-Amerika som har engelsk som offisielt språk. Det blir satsa mykje på økoturisme, med vekt på dykking, fiske, rafting og anna vannsport, flora, fauna og mayaruiner.

Vi ankom Belize med buss og tok speedbåt til Caye Culker. Ei nydelig øy, der dei bruker golfbiler som transportmiddel. Ingen biler og ingen stress, dette er øya der du kan ligge i hengekøya heile dagen, kjenne brisen i håret medan du drikk ein søt og god smoothie. Det er relativt billig i Belize, for eit måltid inkludert drikke betalte vi 18 kr! Caye Culker er eit godt utgangspunkt for vannaktiviteter. Vi var mellom anna med på ein snorkletur der vi fekk svømme med stingray og hai, koraller, barracudafisk og kjempe-skilpadder. På seglbåten fekk vi god lunsj, frukt og drikke, og med Bob Marley syngande i bakgrunnen var det veldig god stemning! 190 kr betalte vi for ein slik heildagstur. Kan anbefalast!

DPP_0451

Etter Caye Culker tok vi båt tilbake til Belize City, buss og taxi vidare til grensa til Guatemala. Der veksla vi penger – ver obs på om dei forsøker å lure deg, vi tapte litt på det. Utstempling av Belize kosta 200 kr, innstempling i Guatemala 20 kr. Ein av dei enklare grenseovergangane vi var borti. Det er mykje lurendreierer i desse landa, og alle taxisjåfører, bussjåfører, tuk-tuk-sjåfører og turoperatører kan nok potensielt prøve å lure til seg meir penger enn dei skal. Ha det i mente!

 

Guatemala

Guatemala er ein republikk som grenser i nord og vest til Mexico,  i sørøst til El Salvador, og til Honduras og Belize i aust. Landet er prega av fjell og høgland og har eit veldig variert klima. Mesteparten av befolkninga er mayaindianarar, så sjølv om spansk er det offisielle språket i Guatemala, finst det 21 mayaspråk i tillegg til xinka og garifuna.

Vi ankom Guatemala med buss til Santa Elena og vidare til Flores. Etter å ha tatt inn på eit lite hotell ordna vi oss billetter vidare til Tikal. Tikal er en nasjonalpark i Guatemala og eit av dei største arkeologiske sentera i den gamle Mayasivilisasjonen. Ei fantastisk oppleving som verkeleg kan anbefalast eit besøk. Tikal ligg midt inn i jungelen, og består av tusenvis av gamle ruiner. Berre ein liten del av desse har blitt gravd fram etter mange år med arkeologisk arbeid. Nokre av pyramidene er over 60 meter høge. Arkeologene estimerer at busetnaden starta 900 år før Kristus, og at det på eit tidspunkt budde        100 000 innbyggjarar her. Tikal kom på UNESCO si verdsarvliste i 1979.

 

 

Vi tok også turen tilbake over grensa, til Palenqe i Mexico, der vi besøkte fleire Maya-ruiner. Det blir mykje ruiner når ein skal besøke alle desse mayabyane, men så er det jo også det denne regionen er veldig kjent for. I tillegg synes eg sjølv det er veldig fascinerande med eldre historie og gamle kulturer. Palenqe er mykje mindre enn til dømes Tikal, men har til gjengjeld vakker arkitektur, fleire symbol og detaljer. Det er funne mange inskripsjoner som arkeologane har brukt til å genskape historien til Palenque.

Etter Palenqe tok vi buss til San Christobal, ein fin og koselig by med veldig god kaffi! Her meldte vi oss på ein sykkeltur, men neste morgon pøsregna det og det freista lite å sykle gjennom høljande regn. Turlederen møtte oss med snorkel og maske i døra og gav oss pengane tilbake – godt det finst humor på tvers av kulturer! I San Christobal var vi også på kino. Den besto av eit lite lerret og mange plaststoler med puter. Vi såg filmen Sin Nombre som utspeler seg i Honduras og Mexico, ein bra film som eg også har sett igjen i seinare tid.

 

 

Turen gjekk deretter tilbake over grensa til Guatemala ved hjelp av 12 timer på reise med shuttlebuss. Det er mange slike firma som arrangerer shuttle hit og dit, og det var stort sett slik vi kom oss over lengre strekker. Vi var eit par dager i Antigua, ein fin by i Guatemala sitt sentrale fjellområde. Billig er det også, 2 kr for ein heil ananas er ikkje verst! Er du like glad i kaffi som meg er Guatemala og generelt Mellom-Amerika ein fin stad å vere.

I Antigua meldte vi oss på ein tur til Pacaya-vulkanen, ein vulkan som har vore aktiv i    23 000 år. Vi såg ingen lava når vi var der, men vi kjente godt varmen. Vi var i Antigua i starten på desember, og fekk dermed oppleve ein lysfest med orkester, lystenning, julekrybbe med skodespel og mange folk i gatene. Forutan om det vart vi tilbydd Marijuana, modell-jobb og dansepartner, så dei er verkeleg på tilbodsida!

 

Honduras

Første stopp i Honduras var for oss øya Roatan. Der måtte vi sjølvsagt prøve dykking, sidan øya er kjent for det. Det nest største korallrevet i verda ligg utanfor Roatan. Klar sjø, fine koraller og massevis av tropiske fisk gjorde det til eit av dei finaste dykka eg har gjort. For dei som ikkje er så glad i dykking, kan ein også snorkle eller gjere andre vannaktiviteter.

Etter båt og buss gjekk turen til Tegucigalpa, hovudstaden i Honduras. Busselskapa er stor sett bra, men ein får gjerne den kvaliteten ein betaler for. Er du villig til å høre på Love Songs fra 90-talet på repeat i 5 timer kan du få det nokså billig. Fra Tegucigalpa tok vi buss, taxi og buss og taxi igjen før vi kom til Rivas der vi tok ferge til San Jorge på Isla de Ometepe i Nicaragua. Litt av ein logistikk å få alle avgangane til å klaffe!

 

Nicaragua

Isla de Ometepe ei øy i Nicaraguasjøen. Den er danna av to vulkaner som reiser seg opp frå innsjøen, og den har såleis ei timeglassliknande form. Øya er prega av før-kolumbiske innbyggjarar som har etterlatt seg fleire inngraveringer i stein og stein-statuer. Den eldste inngraveringa er datert tilbake til 1000 år f.Kr. Øya vart sett på som det lova landet, ein heilag stad. Les meir her: ometepenicaragua

På øya gjekk vi tur på stranda i Santo Domigo, bada i Ojo de Agua som er ein slags oase, samt leigde sykler og såg sola gå ned over vulkanen Conception.

 

DPP_0480

 

Vi reiste vidare til San Juan del Sur, ein by ved stillehavet som er kjent for strandliv og surfing. På Playa Madera kan ein leige surfebrett og få instruksjon om ein vil det, og elles kan ein nyte vakre solnedganger, ete god mat på alle dei ulike restaurantane som er der og bli kjent med andre backpackerar – for det er der mange av!

 

 

Costa Rica

Costa Rica er ein av dei meir velstående og demokratiske statane i Mellom-Amerika. Landet var bebudd av mayaer og chibchaer då Columbus kom dit i 1502. Han meldte om mykje gull blant dei innfødte. Landet vart kalla ‘Costa del Oro’ som betyr Gullkysten. Seinare kom ‘Costa Rica’ i bruk, som betyr Den rike kyst.

Det var lett å krysse grensa til Costa Rica også, og ikkje minst effektivt med ut- og innstempling. Vi tok buss, taxi og ferge og buss igjen, før vi kom til Montezuma. Der fikk vi meldt oss på ein Canopy-tur, altså line-gliding i jungelen. Det var noko vi hadde planlagt og gleda oss til, og det kan anbefalast! Vi var med ei gruppe andre turister og fleire guider. I løpet av turen stoppa vi i jungelen og bada i elva, hoppa fra klippene og slengte oss i tau ut i vannkulpane. Det var mange og lange liner gjennom dei høge tretoppane, ei artig oppleving å suse gjennom jungelen på den måten! I Costa Rica var vi også med på ein snorkletur og båttur til Isla Tortuga, ei ubebudd øy med kvit sandstrand og høge palmer.

 

 

Turen heim gjekk via San Jose og noke dagar i New York, før vi landa på norsk jord etter totalt 4 måneder på reise. Då blir ein alltid både trist og glad, trist fordi ein har lyst å reise meir, og glad for å sjå igjen kjente og kjære. Men loppene i blodet ligger latent når dei først har komt seg dit.

 

Tips:

  • Vi brukte Lonely Planet si guidebok aktivt under reisa. Der står anbefalinger for hostell, transport, aktiviteter og stader det er verdt å besøke. Sjølvsagt kan ein havne i store turistfeller, men eg synes desse reisebøkene tek høgde for det også. Rough Guides er eit anna merke med liknande guidebøker.
  • Ta ut penger frå ATM med jevne mellomrom, slik at du har når du treng det.
  • Anbefaler meir enn 4 veker på denne turen, sjølv om vi klarte oss bra med god planlegging!
  • Det er relativt billige land å reise i, både transport, mat og overnatting.

 

 

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s