Om nettsida

Denne nettsida er laga for å inspirere til turopplevingar og gi informasjon om fine stadar for padling, skiturer og andre utandørs aktiviteter. Eg er glad i å skrive og fotografere og synes ei slik nettside er ein fin måte å formidle gleden ved å vere ute.

Samtidig har eg bakgrunn og interesse for forebyggande helse, idrettsmedisin og villmarksmedisin, og skriver innlegg innenfor desse emna både for å lære sjølv og for å vidareformidle kunnskap.

Eg trives godt ute, både på fjell, fjord og med generelt friluftsliv. Eg drøymer meg vekk til villmark og høge fjell, vakre strender og eksotiske reisemål, slik mange av oss gjer. Heldigvis blir draumane av og til verkelege!

I tillegg er eg opptatt av økologisk mat og maten sin betydning for god helse, og synes det er viktig med engasjement for naturen, dyrevelferd og miljøet. Vi lever her og no, men har eit ansvar også for korleis vi etterlet jorda til etterkomarane våre. Bruk-og-kast samfunnet har utvikla seg altfor langt, og mikroplasten som florerer i havet og på våre matfat er eit teikn på teknologi og industri som har gått i heilt feil retning.

Bilda er forøvrig mine eigne om ikkje andre kjelder er oppgitt, og kan ikkje kopierast eller brukast utan forespørsel. Ta gjerne kontakt ved spørsmål eller andre henvendingar.

Marita Fløtre

marita_flotre (at) outlook.com

DPP_0986

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s